Hopp til innhold

Kultur og innbyggjartorg

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
BUA-medarbeidari 40% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

 Vil du vere med å drifte BUA på Ågotnes?

Arbeidsoppgåver

  • Betene BUA i opningstida – låne ut og ta imot utstyr
  • Svare på e-postar/telefon
  • Sjekke utstyr og sørge for vedlikehald
  • Rydde og halde orden på lageret
  • Administrere utlån i BUA-systemet
  • Marknadsføre BUA lokalt og på sosiale media

BUA Øygarden har opningstid tysdag og torsdag frå 12.00-18.00, og fredagar frå 10.00-14.00. I samband med vinter- og påskeferie har vi utvida opningstider til kl. 20.00 på tysdagar og torsdagar.

I travle periodar kan det vere aktuelt å jobbe meir enn 40%.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå butikk (gjerne sportsbutikk) eller andre serviceyrke
  • Du må kommunisere godt både skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
  • Høgare utdanning er ikkje påkrevd
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer ein serviceinnstilt person som samarbeidar godt med andre
  • Du må vere påliteleg, ryddig og strukturert
  • Du tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast
  • Du har god gjennomføringsevne
  • Du er interessert i og har erfaring med friluftsliv
  • Kjennskap til turløyper, skiforhold, fiskeplassar m.m. i vår region er ein fordel

Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta.

Vi tilbyr

  • Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for innbyggjarane
  • Samlokalisering med fritidsklubb og kulturskule på Frihuset, eit aktivt miljø
  • Godt arbeidsmiljø

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!

Rådgjevar Frivilligsentralen

Julia Valeska Woehlert  tlf. 907 19 143 julia.woehlert@oygarden.kommune.no

Avd.leiar Ung kultur – Hilde Kristin Egeland, tlf. 97 58 51 42
hilde.egeland@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Julia Valeska Woehlert

+47 907 19 143

julia.woehlert@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7abcb704-5a07-44bd-bbb4-d66dd65f16fe

Sist endret

13. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3677677_210189_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser