Helsesekretær/sekretær
RADIOLOGI ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Vi har ledig eit vikariat som helsesekretær/sekretær i 100% stilling, med varigheit på 6 månadar og med moglegheit for forlenging.
Avdelinga er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer), beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET og SPECT. Radiologi er eit spanande fagområde i rask utvikling, og våre tilsette nyttar avansert teknologi store delar av arbeidskvardagen. Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av svært mange forløp for både innlagde og polikliniske pasientar, og vi har eit nært samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehusa.
Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kollegaer og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.
Høyrest dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Helse Møre og Romsdal HF ynskjer at medarbeiderane våre skal speile mangfoldet i befolkninga, og vi oppfordrar kvalifiserte til å søkje hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjeld dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.
Intervju blir gjort fortløpande, og oppstart i stillinga er ønskja snarast. I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du lastar opp vitnemål og tenestebevis/attestar som vedlegg. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som kjem fram i CV, og til å fastsette lønn.
Arbeidsoppgåver
- Betening av telefon
- Registrering av pasientar ved ankomst
- Kassaregistrering
- Administrering av ventelister
- Oppsett av timeavtalar
- Andre forefallande kontorarbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med autorisasjon som helsesekretær, men det er ikkje eit krav
- Relevant praksis
- God IT- kompetanse
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Serviceorientert
- Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spennande og hektisk miljø
- Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
- Gode samarbeidsevne
Å vere personleg eigna blir lagt vekt på ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Ikkje kjent i området? Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg, både til høge fjell og til sjø, samt nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland.
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5015398777
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7aaa67b3-8580-4414-8b3c-e2f912b168b5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8f1ef8439b2d42178541c3f50f49cdf7