Undervisningsstillingar, vikariat
Ringstad skule, Stranda kommune
Bygdavegen 7, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstillingar
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. november
Ringstad skule og SFO med omlag 235 elevar og 50 tilsette ligg i kommunesenteret Stranda og er ein 1. - 7. skule med to parallellar og SFO for 1. - 4. trinn.
Frå 01.01.26 har vi ledig vikariat i 2 undervisningsstillingar100% stilling i tidsrommet 01.01.26 - 31.07.26Inntil 100% stilling i tidsrommet 01.01.26 - 15.05.26Det må gå klart fram av søknaden kva undervisningskompetanse søkjaren harAttestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som er grunnskulelærar med undervisningskompetanse på barnetrinnet
- For eit av vikariata søkjer vi deg som har undervisningskompetanse i kroppsøving og symjing, er allsidig og kan ta med elevar på ulike friluftslivsaktivitetar i alle sesongar.
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg. Du må også kunne nytte nynorsk og digitale verktøy
- Du må ha erfaring og kunnskap om å arbeide med elevar i skulen som har særskilde behov.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø i forhold til elevar og foreldre.
- Evne til å tenkje kreativt og skape ein god opplæringsarena, både i og utanfor klasserommet.
- Løysingsorientert, sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
- God relasjonskompetanse
- Positivt elevsyn
- Tydeleg klasseleiar
- Vere aktivt deltakande i skulen sitt profesjonsfellesskap
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med god aldersblanding
- Fokus på læringsmiljø og inkludering
- Godt samarbeid i team rundt klasser
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter avtale/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gode forsikringsordningar
Ved tilsetting vil det bli lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar
Menn blir oppmoda om å søkje
Kontaktinformasjon
Agnes Caroline Havnen, Rektor, 46411106Arbeidsstad
Bygdavegen 76200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5036155556
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 14.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Agnes Caroline Havnen
Rektor
46411106
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a73f047-27b8-4425-bcd3-02211476b6bc
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eeb2933c2d4e40728ddf0e5c6f227318
Lignende annonser
Tilkallingsvikarar
Arbeidsgiver
Ringstad skule, Stranda kommune
Sted
Stranda
Assistent Ringstad skule og SFO
Arbeidsgiver
Ringstad skule, Stranda kommune
Sted
Stranda
Arbeidsgiver
Solevåg skule, Sula kommune
Sted
Eidsnes