Hopp til innhold

Ultralyd jordmor/Jordmor

Arbeidsgiver

Gynekologisk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Ultralydjordmor/Jordmor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

Gynekologisk poliklinikk lyser ut 100% fast stilling for Ultralydjordmor/jordmor.

Vi ønsker deg som har vidareutdanning i ultralyddiagnostikk for jordmødre, og vi har fokus på gode pasientmøter, fagleg dyktigheit og engasjement. Ultralyd jordmor har eit utvida og heilheitleg ansvar. Hen gir helsehjelp gjennom samtalar og oppfølging til gravide kvinna, samt at ein tar medisinske målingar med ultralyden for å overvåke fosteret si utvikling, vurdere svangerskapet si framdrift og identifisere eventuelle komplikasjonar.

Jordmor med ønske om vidareutdanning kan og søke og vere aktuell for stillinga. Har du allereie søkt, eller har ønske om å søke på utdanninga kan arbeidsgjevar vurdere å dekke utdanning, og dette vil innebære bindingstid på 24 mnd hos oss. 

Stillinga kan verte ei kombinert stilling med føde og barsel. Ved intern omrokkering kan anna stilling som jordmor verte ledig.

 

Om utdanninga:
Vidareutdanning innan ultralyddiagnostikk for jordmødre, har studiestart i januar 2027. Videreutdanninga blir gjennomført som modulbasert heiltidsstudium ved NTNU i Trondheim og vare i to semester, tilsvarande 60 studiepoeng. 

Utdanninga sitt hovudmål er at du skal: 

  • Inneha kompetanse i obstetrisk ultralyd i svangerskapets første, andre og tredje trimester
  • Kunne framstille kvalitativt gode ultralydbilder som til sammen utgjere ein fullstendig ultralydundersøkelse
  • Utøve ei samla omsorg ovanfor den gravide og hennar partner gjennom heile svangerskapet
  • Anvende ultralyd som verktøy i svangerskapsomsorga som eit bidrag til helsefremmande og forebyggende arbeid

Studiet er inndelt i tre moduler:

  • Modul I
    • Varigheit er 17 veker.
      I modulen tilegnes basal kunnskap om obstetrisk ultralyd i svangerskapet, i hovudsak andre og tredje trimester. Dette oppnås gjennom både teoretisk undervising og praktisk øvelse
    • Dei første ni veker: Teoretisk og praktisk undervising både i Trondheim og ved studentane sin arbeidsstad. Det gis opplæring i basal obstetrisk ultralyd og prinsippa bak sonografisk bildeframstilling. Den teoretiske undervisinga foregår parallelt med praksis
    • De neste sju veker: Ultralydpraksis saman med rettleiar på arbeidsstaden
    • Den siste veka: Digital evaluering med kontaktlærar
  • Modul II
    • Varigheit 16 veker.
    • I Modul II utøver studenten ultralydundersøking, hovudsakeleg i andre og tredje trimester, med rettleiar tilgjengeleg på arbeidsstaden. Modulen brukes til mengdetrening for vidareutvikling av praktiske ferdigheiter og skriftlige arbeidskrav. I juni samlast studentane gruppevis til praktisk undervising i Trondheim med fokus på fosterhjertet.
  • Modul III
    • Varigheit 14 veker.
      Modul III startar med tre veker undervising i Trondheim. Det gis teoretisk undervising om første trimester ultralyd og avvikande tilstandar og patologi som krev ekstra oppfølging. I tillegg gis både teoretisk og praktisk undervising i fargedoppler ved fosterhjerteundersøking. Mengdetrening innanfor første trimester ultralyd oppøves i praksis på heimstad.
  • Heimearbeid og eksamen

 

Dersom dette ser spennande ut gleder vi oss til en søknad frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Utføre ultralydundersøkingar
  • Overvåke svangerskapsforløp
  • Rettleiing og informasjon
  • Oppfølging av tidleg oppdaging av risiko
  • Det kan også vere aktuellt å utføre oppgåver knytt til anna seksjon innan føde-barsel omsorg, inkludert helgearbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Jordmor med vidareutdanning innan ultralyd
  • Jordmor med ønske om vidareutdanning kan og søke og vere aktuell for stilling
  • Minimum 3 års erfaring som jordmor

Personlege eigenskapar

  • Du ser viktigheita av ultralyd og fosterdiagnostikk
  • Du er fagleg engasjert som trives å jobbe sjølstendig, og som har gode samarbeidsevner i team
  • Du har god arbeidskapasitet og har ei positiv utstråling

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Kontaktinformasjon

Gunnhild Vindvik Nordstrand, Seksjonsleiar, gunhild.vindvik.nordstrand@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5172463718
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 30.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Gunnhild Vindvik Nordstrand

Seksjonsleiar

gunhild.vindvik.nordstrand@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7a6ebcde-3bfc-4503-ab6f-3d6f4555b0e1

Sist endret

18. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f4cb3d378e7c41d3a0729e48ba163dee

Lignende annonser

Laster lignende annonser