Spesialpedagog i skulen
Larsnes Oppvekstsenter, Sande kommune
Vardane 20, 6084 Larsnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialpedagog i skulen
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Sande kommune søker etter spesialpedagog til ei spennande og utfordrande stilling i skulen. For tida gjeld dette 50 % stilling, men det er moglegheit for å auke stillinga med vikartimar. Vikariatet er fram til 31.01 med moglegheit for forlening. Dersom det er aktuelt med anna stillingsprosent eller sluttdato for søkar oppgis det i søknaden.
Vi søker etter deg som har eit stort hjarte for elevane, som brenn for mangfald og inkludering, er god til å kommunisere og ser verdien i tverrfagleg samarbeid. Vi søker etter ein som kan tilpasse skulekvardagen for elevar med særskilt behov for tilrettelegging. Dette inneber å ta del i planlegging og gjennomføring av undervisning, samt vidareopplæring til andre, både i skuletida og i SFO-tid. Målet er å lage ein heilskapleg dag for elevane. Vedkomande vil vere få vere med å forme stillinga si, med personlege eigenskapar, erfaring og interesser.
Arbeidsoppgåver
- Skal ilag med kontaktlærar planlegge, gjennomføre og følge opp ordinær og spesialundervisning for elevar med spesialpedagogisk behov, som ikkje kan dekkast i klasserommet med assistentoppfølging.
- Koordinere og gjennomføre aktivitet og ADL undervisning både i skuletid og i SFO-tid
- Rettleie andre faggrupper
- Skal ilag med kontaktlærar utarbeidet IOP og årsrapport.
- Delta på samarbeidsmøte
Kvalifikasjonar
- Grunnskolelærerutdanning 1-7 eller bachelor som barnehagelærar
- Spesialpedagogisk utdanning (eller vere villeg til å ta slik utdanning)
- Kjenne til andre tenester og erfaring med tverrfaglig samarbeid
- Digitale dugleikar i spesialpedagogisk undervisning
- Søker må beherske norsk både skriftlig og muntlig
- Erfaring med koordineringsarbeid og å lage individuelle planer
Det er ønskeleg at søkar har erfaring med:
- TEACCH-metoden
- ASK: PECS, Widgit go og teikn-til-tale
- God kjennskap til arbeid med sakkyndige vurderingar frå PPT og IOP-skriving
Primært søkjer vi lærar/barnehagelærar, men ved manglande kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere andre yrkesgrupper tid dømes sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier med relevant erfaring.
Personlege eigenskapar
- Du byggjer gode relasjonar.
- Du er ein trygg og tålmodig vaksen som kan bevare roa i stressande situasjonar.
- Du har evne til å sjå elevens styrke og behov for tilrettelegging, og ha ei heilskapleg pedagogisk tankegang ved å sjå mogleikane for læring og mestring i alle situasjonar.
- Du er fleksibel og ein god medspelar i team.
Vi tilbyr
- Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Jobb i eit positivt og inkluderande miljø
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
Kontaktinformasjon
Camilla Auflem Vik, Einingsleiar, +47 90729780Arbeidsstad
Vardane 206084 Hallebygda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5015164190
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Camilla Auflem Vik
Einingsleiar
+47 90729780
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a14c947-2704-4e9c-acb6-d49569adbcad
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3e751f5abfd948ccb53fc057f03f9ed6