To faste helgestillingar på Terna bustad
Øygarden kommune Terna bustad
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 16. september
Om avdelinga:
Terna bustad ligg på Rong og yt tenester til to personar med psykisk utviklingshemming med ulike bistandsbehov.
Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, andre høgskuleutdanna, helsefagarbeidarar og assistentar.
Vi har no ledig to stillingar på 25% faste helgestillingar.Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Medikamenthandtering – kan bli vurdert
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Fagbrev autorisasjon helsefagarbeidar, andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan verte vurdert
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
- Erfaring med brukarar med atferd som utfordrar
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa
- Vere kjend med elektronisk klientsystem
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
- Respekt og engasjement for brukargruppa
- Positiv og bidreg til eitt godt arbeidsmiljø
- Du er lærelysten og tek ansvar
- Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt
Anna:
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt
Avdelingsleiar: Heidi Børresen 940 04 786
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7a137251-be5c-493e-b825-0be4de27e20a
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3539241_241549_nn