Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule

Sted

Brakabygda 43, 5640 Eikelandsosen

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar i 100 % stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

Ved Fusa ungdomsskule har vi ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar.

Har du lyst til å vere med å leie skulen vår? Vi søker deg som vil vere med å bidra til eit godt læringsmiljø og gode resultat for skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsstad Fusa ungdomsskule
Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2026 - 2027 er det om lag 152 kjekke elevar, og eit utviklingsorientert og humørfylt personale på skulen. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing.

Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og personalansvar
- Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
- Dialog med føresette
- Vikararbeid
- Timeplanlegging
- Samarbeide med PPT og delta i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
- Vere del av skulen og kommunen sine leiarteam

Kvalifikasjonar
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for barnetrinnet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Det vil sei at du må kunne vise til både til «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning» og «godkjenning som lærer i skole»
- det er ønskeleg med leiarkompetanse som er relevant for stillinga
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vere ein relasjonsbyggar og ein trygg leiar som bidreg til inkludering og til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Vi vektlegg gode samarbeidsevner og ønsker tilsette med god fagleg kompetanse. Du må vere løysingsorientert, fleksibel og kunne delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Du må ha god digital kompetanse. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kristine Helland Mårstig

Rektor

+47 99365504

krma@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79ef0153-134a-497f-8009-7dae847d5bed

Sist endret

25. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3656117_207799_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser