Assisterande kjøkkensjef -100%
Kjøkendrift, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Om jobben
- Oppstart
- 1. februar 2027
- Stillingstittel
- Assisterande kjøkkensjef -100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 22. september
Vil du vere med på å skape gode måltidsopplevingar for innbyggjarane i Vinje?
Vinje kjøkkendrift søkjer ein engasjert og fagleg sterk assisterande kjøkkensjef som vil vere med på å vidareutvikle eit moderne og allsidig storkjøkken. Kjøkkenet er lokalisert ved Vinje sjukeheim og er ein viktig del av tenestetilbodet til kommunen.
Som assisterande kjøkkensjef vil du vere kjøkkensjefen sin viktigaste samarbeidspartnar, og bidra til den daglege drifta av kjøkkenet. Du får ein variert arbeidskvardag med både faglege, praktiske og koordinerande oppgåver.
Hos oss blir du ein del av eit samansveisa team på fem medarbeidarar, som kvar dag arbeider for å levere trygg, næringsrik og velsmakande mat til ei rekkje brukarar og arenaer. Me har varierte arbeidsoppgåver og høgt fokus på kvalitet, samarbeid og kontinuerleg utvikling.
I Vinje kjøkkendrift får du meir enn ein jobb. Du blir del av eit kompetent og positivt fagmiljø der arbeidet du gjer kvar dag betyr mykje for andre menneske. Me tilbyr ein variert arbeidskvardag, moderne produksjonsmetodar og moglegheit til å vere med og påverke utviklinga av kjøkkentenestene i kommunen.
Me er stolte av å levere måltid som skapar glede, trivsel og god ernæring for mange menneske kvar dag. No håpar me du vil bli med på laget
Vil du vere med og gjere ein forskjell gjennom gode måltid? Då ynskjer me å høyre frå deg!Startdato: 01.02.2027Arbeidsoppgåver
Assisterande kjøkkensjef skal organisere og leie produksjonen på kjøkkenet, med ansvar for mellom anna:- Fordeling av arbeidet etter menyplan og bestilling
- Diettar, spesialkost/ ynskjekost
- Daglig meny for kantinedrifta
- Vareuttak for neste dags produksjon
- Aktivt delta for å til einkvar tid å holde kjøkkendata oppdatert
- Oppgåver innen IK-Mat og HACCP
- Daglig produksjon og bestillingar, Varm mat produseres etter metodene sous vide og kok/kjøl
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som kokk.
- God kunnskap om ernæring og kosthold.
- Gode IKT- ferdigheiter og helst kjennskap til kjøkkenets dataverktøy MATILDA, tidlegare AIVO.
- Førarkort klasse B.
- Må beherske norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode evne til samarbeid og kommunikasjon.
- Du kan takle mange oppgåver på ein gong.
- Du har vilje og evne til å ta ansvar.
- Du har hjarte for ernæringsmessig riktig og velsmakande mat
- Du er strukturert og ryddig
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Løn etter avtale
- Full opplæring på arbeidsoppgåver knytt til stillinga.
- Arbeid på dagtid, ikkje kveld og helg. 37,5 timar pr veke
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
Kontaktinformasjon
Arild Norvik, Kjøkensjef, 48125204, arild.norvik@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 VINJE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5177399163
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 22.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
79df8609-334d-4850-a26b-070afbc0c9ed
- Sist endret
11. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3bb2949ce01b4731b351d48088ec7f49