Einingsleiar, familiekontoret Sunnfjord og Sogn - fast - 100 %
Familiekontora i Sunnfjord og Sogn, Bufetat
Storehagen 1B, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar, familiekontoret Sunnfjord og Sogn - fast - 100 %
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Vi søkjer ein framoverlena leiar til Familiekontoret, Sunnfjord og Sogn. Kontoret har til saman 12 tilsette med høg kompetanse og stort fagleg engasjement. Familiekontoret Sunnfjord og Sogn har kontor i Førde og Sogndal, med leiing og administrasjon i Førde. Kontoret skal gje tilbod til alle kommunar i sitt lokalområde.
Familievernet er ei lågterskelteneste med spesialkompetanse på familierelaterte og relasjonelle problemstillingar. Familievernet gir tilbod til familiar som sjølv oppsøkjer tenesta med ulike relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie og parterapi, grupper, kurs, mekling, tilsyn v/ samvær og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barnet etter samlivsbrot.
Familievernet er i utvikling, og eit av satsingsområda er å auke barn si medverknad i eige liv gjennom familievernets tenestetilbod.
Familiekontorets oppgåver er heimla i Lov om familievernkontor og styringsdokument frå Bufdir.
Det er til saman seks familievernkontor i Region vest. Einingsleiar inngår i eit leiarfellesskap saman med dei andre einingsleiarane og avdelingsdirektør.
Stillinga vil vere delt mellom leiarfunksjon og klinisk arbeid. Leiar ved kontoret må kunne arbeide klinisk inntil 50% av stillinga.
Arbeidsoppgåver
Einingsleiars oppgåve er å medverka til å gjennomføra vårt samfunnsoppdrag med høg kvalitet, riktig hjelp til riktig tid og tilpassa det enkelte barn, ungdom og familie. Me ser alltid etter mogelegheiter for å gjera gode tenester betre. Einingsleiar skal medverka til å sikra dei resultatkrav som vert stilte til ei kvar tid frå barne- ungdoms og familiedirektoratet. Dette er ei leiarstilling med krav til leveransar innan faglege resultat- og målkrav og til å sikra drift innan gitte rammer, personaloppfølging og fagutvikling. Leiar har fagleg, administrativt og økonomisk ansvar for verksemda:
- Utarbeida lokale planer med faglege mål og styringstiltak og å gjennomføra, evaluere og stå ansvarleg for kontoret sin leveranse på oppdrag innanfor gitte rammer og i høve til regelverk.
- Økonomistyring og budsjettansvar.
- Personalansvar.
- Medverka til likeverdige tenester og til å oppnå mål saman med eigne tilsette og regional i samarbeid med dei andre einingsleiarane.
- Fagleg samarbeid med andre instansar.
- Synleggjering av familievernet sitt arbeid i befolkninga og overfor samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, leiarutdanning og leiarerfaring med gode resultat.
- Krav om forståing for kompleksiteten til tenesteområdet
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og evne til å jobba effektivt med relevante dataverktøy.
- Krav til erfaring frå klinisk arbeid innan tenestetilbodet barn og familie.
- Krav til relevant vidareutdanning med minimum 60 studiepoeng. Familieterapi vil bli prioritert.
- Ønskjeleg med vidareutdanning i leiing og administrasjon.
- Ønskjeleg med kjennskap til statleg styring, og søkjar må vera fortruleg med rapportering, analyse og tiltak som vert følgt tett opp for å nå resultatkrav.
- Engasjement og toleranse for ulikheiter og mangfald er ein føresetnad.
Personlege eigenskapar
Familiekontoret for Sunnfjord og Sogn søkjer ein engasjert, trygg og tydeleg leiar som likar å skapa resultat saman med sine medarbeidarar:
- Sjølvstendig og framoverlena.
- Trygg og strukturert.
- Inkluderande, tolerant og motiverande.
- Evne til å styra og leia i felles retning etter dei mål og føringar Bufdir og Bufetat til ei kvar tid set.
- Likar utfordringar og å utfordre andre.
- Har god arbeidskapasitet.
- Likar å oppnå resultat saman med dyktige tilsette.
- Å vera personleg eigna som leiar vil verta tillagt stor vekt.
- Den som vert tilsett, skal sikra at våre klientar mottek kvalitetssikra tenester og god service.
Vi tilbyr
- Faglege og spanande utfordringar i eit felt som er i endring.
- Høve til å forme rutinar og arbeid i ein dynamisk eining.
- Å vere ein del av ei aktiv, inkluderande og utviklingsorientert leiargruppe.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til
- konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Ei leiarstilling med mogelegheit til å medverka til utvikling av tenestetilbodet og som gjev stort handlingsrom innanfor rammene.
- Fleksibel arbeidstid.
- Stillinga er 100% fast og plassert i statlig lønnsregulativ som kode 1493 leder, p.t. 820 000 - 950 000 kr pr. år. Høgare løn kan vurderast ved særskild kvalifiserte kandidatar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Familiekontoret for Sunnfjord og Sogn, leder må kunne ha tilstedeværelse på begge kontora i løpet av ein arbeidsveke
- Politiattest må framleggas ved eventuell tilsetting, jf. Familievernkontorlova § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Alette Hilton Knudsen, Stabsdirektør, 91 33 70 60, alettehilton.knudsen@bufetat.noArbeidssted
Storehagen 1B6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5014010952
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
79691f14-b3cd-4821-86b8-746adbaa5540
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b7f2aacb88ea49158f2de807f9d4446a