Er du vår nye barnehagelærar?
Hjartdal kommune Hjartdal kommunale barnehagar
Hjartdal
Om jobben
Stillingstittel
Vi har ledig fast stilling som barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Hjartdal kommune søker etter ein dyktig og entusiastisk barnehagelærar til våre barnehagar. Vi søker ein pedagog som ønsker å utvikle oppvekst og skape gode arenaer for barn i vår kommune. Vi har tre barnehagar i ulike størrelsar med kvart sitt særpreg. Alle tre barnehagane ligg i flotte omgivnadar med store moglegheiter.
Barnehagane har eit godt arbeidsmiljø med god kompetanse og stort mangfald.
Vår visjon er: Vi trivst, lærer og har MOT til å gå saman
Kvalifikasjonar:
- Godkjent barnehagelærarutdanning eller annan relevant pedagogisk utdanning.
- Norskkunnskapar tilsvarande nivå B2 eller betre.
Personlege eigenskapar:
- Du må være ansvarsbevisst og kreativ.
- Ha eit positivt menneskesyn.
- Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du må vere interessert i å bidra til barns leik og utforskartrong, og til at barna får ein kvardag med omsorg, leik, danning og læring.
- Du må vere løysingsorientert, fleksibel, endringsvillig og utadvent.
- Ha godt humør
Arbeidsoppgåver:
- Planlegging, dokumentasjon og vurdering/evaluering.
- Utvikling av sosialt miljø og læringsmiljø.
- Bidra til rettleiing av personale og vere motivator.
- Delta i kvalitetsretta utviklingsarbeid.
- Bidra til utvikling av det pedagogisk arbeidet, der Rammeplanen er i fokus.
- Foreldresamarbeid.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Medansvar for dagleg drift.
Dette tilbyr vi:
- Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- Eit godt arbeidsmiljø der kommunen har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
- God pensjonsordning.
Her kjem litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over:
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gler oss, husk å ta med kopi av vitnemål og attestar.
- Vi ynskjer to referansar og du må legge inn kontaktperson og telefonnummer.
- Du vil ha prøvetid på 6 månader.
- For personar som skal jobbe med barn, stillast det krav om politiattest i tråd med Barnehagelovas § 30.
- Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
- Som tilsett ved våre barnehagar kan ein ved behov og etter avtale bli flytta til andre barnehage einingar i kommunen.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
795b7adf-ac4a-4a77-8157-98da7ce34a0d
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3552715_231647_nn