Er du ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar som søkjer nye utfordringar?
Etne kommune Pleie og omsorg
Holmavegen 30, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar, 80% fast
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. september
Etne omsorgssenter, avdeling 2, har 20 institusjonsplassar for korttids- og langtidsopphald.
Vi søkjer no ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar i fast stilling.
Hos oss får du vere med på å gi gode og trygge tenester med høg kvalitet til bebuarane våre. Vi ønskjer medarbeidarar som er opptekne av god omsorg, samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Me tilbyr årsturnus med høve til å påverke eigen arbeidskvardag. Du kan velje mellom ordinære vakter med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
- Gi heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar
- Observere, dokumentere og følgje opp behov og tiltak
- Samarbeide tett med bebuarar, pårørande og tverrfaglege samarbeidspartnarar
- Bidra til aktivitet, meistring og god livskvalitet
- Delta aktivt i fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Interesse for arbeid med eldre og personar med samansette behov
- Erfaring frå institusjon er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Eigenskapar
Me ser etter deg som er omsorgsfull, ansvarsbevisst og fleksibel. Du samarbeider godt med andre, tek initiativ og bidreg positivt i arbeidsmiljøet. Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Me tilbyr
- Fast stilling i eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Årsturnus og høve til medverknad i eigen arbeidsplan
- Val mellom ordinære vakter eller langvakter
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78780234-ea60-48c6-8299-aa21e5e6569c
- Sist endret
2. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3658369_213991_nn