Bilmekanikar / Fagteknikar - vikariat med moglegheit for fast stilling
Toyota Voss AS
Tjukkebygdvegen 9, 5706 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Bilmekanikar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Frist: Snarast, me intervjuer kandidatar fortløpande
Har du lidenskap for bil og teknologi, og lyst å arbeide med ei av verdas sterkaste merkevarer? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Med fokus på kontinuerleg forbetring og respekt for menneske, søkjer me ein bilmekanikar som kan gå raskt inn i produksjon og vil vere med på å skape Noregs mest fornøgde bileigarar. Hos Toyota Voss blir du ein del av eit kompetent og engasjert team. Me veit at kvalitet og service er avgjerande gjennom heile kundereisa, og ser etter deg som er både lærevillig, serviceorientert og ynskjer å utvikle deg vidare i faget.
Dette er eit vikariat frå 2. februar til 8. juli.
Me tilbyr- Vikariat med mogleg fast tilsetjing
- Ein jobb i ei spanande bransje i utvikling
- Moglegheit til å arbeide med ei av verdas sterkaste merkevarer
- Grundig innføring i Toyota sin servicefilosofi
- Fagleg støtte og utviklingsmoglegheiter
- Fagleg oppdatering gjennom Toyota sine opplæringsprogram
- Konkurransedyktige vilkår
- Bonusordning knytt til verkstadsresultat
- Bedriftshelseteneste, personalhytte og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø
- Service, vedlikehald og reparasjonar
- Diagnose og feilsøking
- Utføre kvalitetsarbeid etter produsent og importør sine retningslinjer
- Sikre høg kvalitet på eige arbeid
- Fagbrev - relevant erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning
- Nokre års erfaring er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Fagleg dyktig, nøyaktig og effektiv
- Løysingsorientert med høg arbeidskapasitet
- Evna til å arbeide sjølvstendig og i team
- Pliktoppfyllande, positiv og serviceinnstilt
- Førarkort klasse B
Høyrast dette interessant ut? Send oss din søknad og CV allereie i dag! Har du spørsmål, ta gjerne kontakt for meir informasjon. Me ser fram til å høyre frå deg!
Om bedriften
Toyota Voss held til i Tjukkebygdvegen sentralt på Palmafossen. Me er ein komplett bilforhandlar med bilverkstad, dekkhotell og sal av nye og brukte bilar. Me er merkeverkstad for Toyota, og reparerer nye og brukte Toyota, både fossil, hybrid og elbilar. Den gode gjengen på Voss består av 3 mekanikarar, verkstadsleiar, 2 delelager/kundehandsamar, og 2 på sal. Toyota Voss er eit av 7 selskap eigd av Jæger Automobil AS. Me vart Miljøfyrtårn sertifisert i 2021.
Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Lindås, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 250 tilsette og ei årleg omsetning på 1,7 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking. Bemex Rekruttering AS er et heleid bergensk bemannings- og rekrutteringsselskap med konsulenter innen administrative og tekniske fagområder. Vår målsetting er å tilby fleksible og effektive bemanning- og rekrutterings løsninger. Med mer enn 30 års allsidig erfaring fra bransjen har vi verdifull kunnskap om markedet og våre kunder, og vet hvor viktig gode relasjoner er. Vi er en profesjonell samarbeidspartner som er opptatt av å levere kvalitet, og med lang erfaring fra bransjen, vet vi hva som skal til for å finne rett person på rett plass.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78648c71-cb66-4432-89e0-d2f4fa853390
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
441183523
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Mestad Bilverkstad – Voss
Sted
Evanger
Bilmekaniker for lette kjøretøy
Arbeidsgiver
CBA Fagformidling
Sted
Akershus, Oslo, Vestland
Mekaniker for personbil
Arbeidsgiver
Ja Auto As
Sted
Husnes, Kvinnherad, Vestland