Hopp til innhold

Fastlege 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Helsetenesta i Bykle og Valle, Bykle

Sted

Sarvsvegen 31, 4754 Bykle

Om jobben

Stillingstittel
Fastlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Helsetenesta i Bykle og Valle er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar, med Bykle som vertskommune. Saman tilbyr vi eit breitt spekter av helsetenester innan fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte.

Vi har tre legekontor – i Valle, Bykle og på Hovden – med til saman fem fastlegar, to LIS1-legar og ein kommuneoverlege. På kvart legekontor har vi tre sjukepleiarar. Hos oss blir du ein del av eit godt, inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø, der vi samarbeider tett, hjelper kvarandre og deler kunnskap og erfaringar. Vi kan tilby eit fagleg sterkt og trygt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, korte vegar til samarbeid og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi legg vekt på at det skal vere både fagleg utviklande og triveleg å gå på jobb.

Du får ein variert og spennande arbeidskvardag. Det er over tre timar reiseveg til lokalsjukehuset vårt, Sørlandet sykehus Arendal, og mange problemstillingar blir derfor handterte lokalt. Det gir eit breitt fagleg spenn, stor variasjon i arbeidsoppgåvene og gode moglegheiter til å bruke og vidareutvikle kompetansen din.

Legekontora er svært godt utstyrte, mellom anna med digitalt røntgenapparat, ultralyd og laboratorium. Vi har avtale med spesialisthelsetenesta om tolking av røntgenbilete, og enkelte enkle brot blir behandla lokalt hos oss.

Fastlegelista har eit listetak på 600 pasientar. Arbeidstida på dagtid er frå kl. 08.00 til 15.30, måndag til fredag, med tid sett av til pasientoppfølging og anna nødvendig etterarbeid. Stillinga inneber også klinisk arbeid som sjukeheimslege ved Bykle sjukeheim, og kan i tillegg omfatte oppfølging av pasientar ved helsestasjonen. 

For deg som er under spesialisering, er det mogleg å gjennomføre ALIS-løp hos oss. Vi legg godt til rette for fagleg utvikling, med gode vilkår for kurs og overlegepermisjon.

Legevakta er organisert som femdelt heimevakt, og omfattar også bakvakt for LIS1-legane. På vakt disponerer legane ein eigen, godt utstyrt Land Cruiser legevaktbil. Vi har éin legevaktbil i Valle og éin på Hovden. Sjølv om avstanden til sjukehus er lang, står du ikkje åleine når det skjer noko. To ambulansar er stasjonerte i området, éin på Hovden og éin på Rysstad. På vakt har vi eit tett og godt samarbeid med ambulansetenesta, luftambulansen, brannvesenet, fjellredninga, skipatruljen og pleie- og omsorgstenestene. Det er også sjukeheim med kommunale akutte døgnplassar (ØHD) både i Bykle og Valle. Dette gir eit spennande akuttmedisinsk fagmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid rundt pasientane.

Bykle og Valle har til saman litt over 2 200 fastbuande, men som populære turistkommunar aukar folketalet betydeleg i høgsesongane. Det gir sesongvariasjon og eit spennande mangfald av pasientar og problemstillingar – og få arbeidsdagar er heilt like.

Om sommaren er det vanleg at vi er samlokaliserte i Bykle helsehus. Som ein del av helsesamarbeidet må du òg rekne med at arbeidsstaden kan variere mellom Hovden, Bykle og Valle. Det gir deg høve til å bli godt kjend med kollegaene dine, dei ulike fagmiljøa og lokalsamfunna våre.

Ønskja oppstart så snart som råd. 


Arbeidsoppgaver

    • Varierande allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevakt
    • Moglegheit for beredskapslegevakt og bakvakt for LIS1
    • Spennande akuttmedisinske problemstillingar knytt til skadehandtering og liknande
    • Utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av eigne listepasientar
    • Koordinere helsetilbodet til pasientane opp mot andre tenester i primær- og spesialisthelsetenesta.

    Kvalifikasjoner

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Fortrinnsvis spesialist i samfunnsmedisin eller har byrja på spesialisering i samfunnsmedisin
    • Me ynskjer at søkjare utan spesialisering i samfunnsmedisin gjennomfører utdanninga
    • Me ynskjer røynsle frå fastlegearbeid, kommunal fastlegeteneste og/eller samarbeid med spesialisthelsetenesta
    • Har fullført norsk turnes (LIS1)
    • God framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg, samt grunnleggjande engelskkunnskapar
    • Førarkort klasse B
    • God digital kompetanse
    • Søkjare som er kvalifisert til sjølvstendig legevakter vil verte føretrekte

    Personlige egenskaper

    • Stor interesse og engasjement 
    • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • Analytisk, strukturert, fleksibel og evne til å tenke heilskapleg
    • Handlekraftig og lojal
    • Oppteke av fagutveklig, endrings- og forbetringsarbeid
    • Systematisk og pålitelig arbeidsstil
    • God klinisk vurderingsevne
    • Du er parat til å dele din kunnskap med, og lære av andre
    • Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette
    Personlege eienskaper vil vert lagt vekt på

    Vi tilbyr

    • Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
    • Listetak på 600 pasientar
    • Hektisk, spennande og utfordrande fastlege- og legevaktjobb
    • Gode samarbeidspartnarar
    • Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
    • Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
    • Storbyliv tre timar køyreveg unna
    • Vi er behjelpelig med å skaffe bustad

    Andre opplysninger:

    • Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler
    • Krav om politiattest ved tilsetjing
    • Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
    • Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju

     

    Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.

    Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering

    Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!

      

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Severinsen, Kommuneoverlege og fungerande verksemdsleiar for legekontora i Bykle og Valle, benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

    Arbeidssted

    Sarvsvegen 31
    4754 BYKLE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bykle

    Referansenr.: 5171972373
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 10.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Benedicte Severinsen

    Kommuneoverlege og fungerande verksemdsleiar for legekontora i Bykle og Valle

    benedicte.severinsen@bykle.kommune.no

    Om bedriften

    Bykle kommune som arbeidsgjevar:

    • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
    • Vi er ca. 190 tilsette
    • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
    • Vi er ei IA-bedrift

    Om Bykle:

    • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
    • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
    • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
    • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
    • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
    • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

    Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

    Besøk gjerne heimesida til Valle kommune her: http://www.valle.kommune.no/


    Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
    Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

    Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. 
    Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.

    Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.

    Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    78351075-8ef3-4588-92c2-8a5940595388

    Sist endret

    27. august 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    f5988653ee55439888b1b9004d8ad689

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser