Lærar - 94% vikar
Alver kommune
Veråsvegen 71, 5955 Lindås
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar - 94% vikar - Lindås ungdomsskule
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 94%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Vi søker lærar
Lindås ungdomsskule har ledig 94% vikariat som lærar frå 01.11.2025.
Lindås ungdomsskule ligg sentralt plassert på Lindås, med utsyn over Lindåsosane.
Vi har 139 elevar og 22 tilsette. Vi er ein MOT - skule.
Vår visjon er; meistring gjennom læring, samspel og mot.
Våre satsingsområde er vurdering, lesing i alle fag, inkluderande skulemiljø og elevmedverknad.
Arbeidsoppgåver
Vi søker etter ein lærar med fagkompetanse innan matematikk og naturfag. Undervininga er på 9. og 10. trinn.
Hovedtyngda av stillinga er i matematikk, dei fleste timane som to-lærar. Det krev gode samarbeidsevner for å løyse tilpassa opplæring til elevane sitt beste.
I tillegg til å jobbe som faglærar er du med i skulen sitt profesjons felleskap, vi har høg fokus på inkludering, og arbeider systematisk for å nå dei måla vi har satt oss.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter ein lærar med godkjent lærarutdanning, og sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine behov. Erfaring frå undervisning er ønskeleg.
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både born og vaksne. Du må være fleksibel, løysingsorientert og ha samarbeidsvilje. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først. Din positive haldning og gode humør vil bidra inn i eit inspirerande og godt arbeidsmiljø.
I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
Som lærar på vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.
Søk no og bli med på å forme våre elevar si framtid!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
776cdf24-2357-44b3-98df-bd0456ab011f
- Sist endret
29. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268339
Lignende annonser
Undervisningsstilling / Lærar - 100 % vikariat - Eikanger skule
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Eikangervåg
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Lonevåg
Ringevikarar - Lindås ungdomsskule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Lindås