Hopp til innhold

Vik kommune har ledig 100 % vikariat i Feios barnehage

Arbeidsgiver

Vik kommune Feios skule og barnehage

Sted

Feiosvegen 420, 6895 Feios

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar Feios barnehage
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. november

 

Feios barnehage har ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar gjeldande frå 01.01.27 og ut barnehageåret 26/27.

 

Krav til kompetanse

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller tilsvarande. Anna relevant utdanning eller praksis kan vega opp for manglande fagbrev.

 

Personlege eigenskapar
  • Du er engasjert og omsorgsfull.
  • Du brenn for å jobbe med barn og vil ta ansvar for barna sin trivsel.
  • Du er fleksibel og samarbeidsvillig - du trivst med å samarbeide med både kollega og foreldre.
  • Du er ansvarsbevisst - du tek ansvar for barna sin tryggleik og trivsel.
  • Du har evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for barna.

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 

Løns- og tilsetjingsvilkår
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

 

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Britt-Marit Stadheim

Kommunalsjef oppvekst

+47 47615488

britt-marit.stadheim@vik.kommune.no

Om bedriften

Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

775635f5-ec23-41ce-8a4b-bb3f54e3c8c8

Sist endret

19. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3667979_247455_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser