Ønskjer du å vere fagleiar v/avdeling Fjordheim?
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Solstrandsvegen 39, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar - 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. september
Vi har ledig 100 % vikariat i turnus frå snarast til 31.08.2026 for engasjert sjukepleiar/vernepleiar som vil bidra til utvikling av tenestene for bebuarane i avdeling Fjordheim og ved Luranetunet bu- og behandlingsenter.
Er dette deg?
- Avlaste avdelingssjukepleiar og overta ulike oppgåver i avdelingssjukepleiar sitt fråvær
- Utøve klinisk sjukepleie og delta i dagleg stell og pleie
- Delta i utarbeiding av gode system som sikrar kvalitet og at bebuar sine rettar vert teken i vare
- Samarbeide med andre helsetenester for å sikre tverrfagleg samarbeid
- Vera ein ressursperson i høve til fagutvikling og internundervisning
- Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Er oppteken av kvalitet og fagutvikling
- Har evne til å motivere og skape engasjement blant tilsette
- Har evne til å strukturer og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
- Er positiv, kreativ og løysningsorientert
- Bidrar til trivnad og positivt arbeidsmiljø i avdelinga
- Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Arbeidsstad
Fjordheim er ein avdeling med 20 omsorgsbustadar for demente. Avdelinga ligg i 1. etg. der bustadane enten har utgang til Tropehagen eller Sansehagen. I arbeidet vårt legg vi stor vekt på miljøarbeid. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi gjer kvarandre gode og der vi er oppteken av høg fagleg kvalitet og tverrfagleg tilnærming. Ulik fagkompetanse blant dine komande kollega som ergoterapeut, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar m.m. Vi har tilgang på lege på huset alle kvardagar, og legevisitt kvar tysdag.
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg kun nokre minuttars køyring frå Bergen. Vi rommar 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar og serviceavdelingar – reinhald,vaskeri, kjøkken og teknisk drift. Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel».Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året. Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter. Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga viønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Vi kan tilby- 100 % stilling i eit aktivt miljø med fokus på fag og gode kollegaer
- Per i dag har denne stillinga arbeid 4. kvar helg med langvakter. Dersom du ønskjer å jobbe ordinære vakter vil du jobbe 3. kvar helg. Du kan koma med ønskjer i høve til turnus.
- Vi har fokus på heiltidskultur og fleksible arbeidstidsordningar
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
774a5af9-2289-4d57-b2ee-8372db59a885
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3535625_196063_nn