Hopp til innhold

Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat med moglegheit for forlenging

Arbeidsgiver

Kviteseid skule, Kviteseid kommune

Sted

Skulevegen, 3850 Kviteseid

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat med moglegheit for forlenging
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 25. august

Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:

Merkantil medarbeidar, 80 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.12.2026, med moglegheit for forlenging.

Kviteseid skule søkjer ein serviceinnstilt og strukturert merkantil medarbeidar til eit vikariat knytt til sjukefråvær hos fast tilsett.

Vikariatet er i første omgang ut året 2026, men det kan bli aktuelt med forlenging dersom fråværet held fram. Den faste medarbeidaren kan òg kome tilbake i arbeid i løpet av vikariatstida.

Kviteseid skule er ein 10-årig skule med om lag 220 elevar og 50 tilsette. 1.–4. trinn er samlokalisert med Kviteseid barnehage i eige bygg. 5.–10. trinn held til i eit moderne og
nyrenovert skulebygg.


Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.


Arbeidsoppgåver

  • Resepsjonsteneste og enkelt sentralbord
  • Arbeid med digitale elevmapper
  • Arbeid med sakshandsamingssystemet Elements og elev-/personalsystemet Visma Flyt Skole
  • Tilgangsstyring i ulike system for tilsette og elevar
  • Fråværsregistrering
  • System og prosessbygging
  • Attestering av fakturaer og timelister
  • Kontakt med elevar og føresette
  • Administrasjon av skuleskyss
  • Karakteroppgjer og vitnemål
  • Posthandtering
  • Bestillingar og innkjøp
  • Ansvar for digitalt låssystem og nøklar
  • Skulemjølk
  • Andre administrative oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • Er serviceinnstilt og imøtekomande
  • Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i ein hektisk kvardag
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar

  • Relevant fagbrev eller høgare utdanning er ynskjeleg
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • Kjennskap til skuleverksemd er ynskjeleg
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Det er ein fordel med erfaring frå Elements og Visma Flyt Skole
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, med gode nynorskkunnskapar
  • Må disponere eigen bil

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Moglegheit til å påverke og utvikle skulen vidare
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Gjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 478 72 928, gjermund.sivertsen@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen
3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5163682789
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 25.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Gjermund Sivertsen

Rektor Kviteseid Skule

+47 478 72 928

gjermund.sivertsen@kviteseid.kommune.no

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

75eaf79b-d163-4bd9-8e95-c49b51204919

Sist endret

21. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fdb5a3cd03694745a5e22d63403184d8

Lignende annonser

Laster lignende annonser