Nattevakt - Sjukepleiar/Vernepleiar
Avdeling for rusmedisin/ Martens, Helse Bergen HF
Hatleveien 7D, 5038 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Nattevakt - Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 70.%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. oktober
Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Avdelinga satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin, Helse Bergen. Seksjonen ligg tilbaketrekt i rolege omgjevnader i Sandviken og inneheld to sengepostar. Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for både menn og kvinner. Korttidsposten tilbyr avrusing og tidleg stabilisering, og tek i utgangspunktet imot akutthjelp-pasientar. I underetasjen til korttidsposten ligg Tvangsposten, der pasientar blir innlagt utan eige samtykke etter §§ 10-2 og 10-3 i helse- og omsorgstenestelova (HOL), når andre frivillige hjelpetiltak ikkje er formålstenlege eller tilstrekkelege.
AFR Korttidspost Martens:
Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester for menn og kvinner som treng avklaring og avrusing i en subakutt fase. Tilbodet inkluderer abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg tilnærming. Me tilbyr fleire treningsaktivitetar vekevis, anten på eige treningsrom, eller i nærområdet. Me legg stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra ei heilskapleg behandling. Pasientane blir møtte av ei flott tverrfagleg personalgruppe. Hos oss møter du erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar, psykolog med meir. Alle er til stades for å bidra til eit heilskapleg tilbod til pasientane våre.
Vi har ledig følgande stillingar på AFR Korttidspost Martens:
2 x 70% fast stilling som nattevakt med arbeid kvar 4 helg. Langvakter fredag-søndag.
2 x 23,5% fast helgestillingar som nattevakt med arbeid kvar 4 helg. Langvakter fredag-søndag.
NB! I søknadstekst ber vi om at det blir oppført ønska stilling ein søker på.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar og vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
- Nattarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring med arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
- Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
- Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
- Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå
- Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
- Robust og god på avgjerder
- Pedagogiske evner er ein føresetnad
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Vi arbeidar tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust
- Årsturnus/kalenderplan
- Arbeid kvar 4`helg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trudi Ulevik Davanger, Seksjonsleiar, 55958898Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5026259161
Stillingsprosent: 70, 23,5%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Trudi Ulevik Davanger
Seksjonsleiar
55958898
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
759c362b-a2c8-4d20-9e2b-28a41d47bbcf
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2801f7d9cb5d45ed804eb3fcd61bb888