Fastlegeheimel 2x vikariat ved Ørsta helsesenter
Helse, tildeling og koordinering, Ørsta kommune
Dalevegen 28A, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fastlegeheimel, vikariat ved Ørsta helsesenter
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. juli
I Ørsta kommune er det ledig vikariat som fastlege ved Ørsta helsesenter.
- ein heimel med listetak 735 i perioden 14.07.25 - 31.07.26
- ein heimel med listetak p.t. 530 frå november til medio mars
- kortare vikariat fram til ca. medio september 2025
Skriv i søknaden kva for vikariat du søker på. Det er ein fordel om du kan vere vikar i heile perioden, men vi vil også vurdere søknadar som ikkje dekker heile perioden.
Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.
Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.
Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Det er ein fordel om du ønsker å vere næringsdrivade fastlegevikar, men fast løn kan også vurderast.
Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.
Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling
Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, flotte lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.
Arbeidsoppgåver
Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk.
Dette inkluderer
- deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta
- ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §12
Kvalifikasjonar
Du må
- oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten
- uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- ha førarkort klasse B
- legge fram politiattest av nyare dato før oppstart
Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale
Personlege eigenskapar
Vi ser etter legar som
- er fagleg engasjert
- samarbeider godt både internt og eksternt
- ønsker å bidra i det kollegiale felleskapet på legekontoret
- er opptatt av å skape gode pasientmøte
- ser verdien av tverrfagleg samarbeid
- synest det er spanande med variasjon og fart i allmennpraksis
- tek ansvar for pasientlista si, og taklar tempoet dette tidvis krev
Vi tilbyr
- nye og trivelige lokalitetar
- ALIS-avtale
- godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt
- ei god blanding av erfarne og nye fastlegar
- ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt
- god avtale som næringsdrivande lege
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.noHege Axe Øvsteng, Dagleg leiar Ørsta helsesenter, hegeakse@hotmail.com
Arbeidsstad
Dalevegen 28A6153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4981352384
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
759a234f-d290-4f14-9621-bc5cf0a66dbe
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb81e07f210a4666bbdff2c4b6b1bb91