Anestesisjukepleiar
Anestesi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Anestesisjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 75%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vi har ledig to ferievikariat i 75 % stilling som anestesisjukepleiar i perioda 04.01.2027–31.12.2027. Vikariata er knytte til ferieavvikling, sjukefråvær og ulike prosjekt i seksjonen.
Stillingane vil vere tilknytte både Hovudoperasjon og Dagkirurgen. Seksjonen har eit breitt fagleg spekter innan urologi, gastroenterologi, endokrin kirurgi, kar- og thoraxkirurgi, øyre-nase-hals, kjevekirurgi, ortopedi og gynekologi. Vi er ikkje seksjonerte, noko som gir varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi deltek i stans-, traume-, MET- og barneteam, og leverer anestesitenester ved mellom anna ECT, gastroseksjonen og MR. Samstundes er vi i gang med planlegginga av ei heilt ny operasjonsavdeling ved Klinikk Ålesund, noko som gir spennande moglegheiter for utvikling og medverknad.
For å sikre effektiv drift og høg fagleg kvalitet bemannar vi operasjonsstuene med 1,5 anestesisjukepleiar per operasjonsstove.
Vikariata er dagstillingar med fri alle helgar og heilagdagar. Det kan vere aktuelt å kombinere stillinga med helgestilling i andre seksjonar for å auke stillingsprosenten.
Arbeidsoppgåver
- Anestesi til pasientar ved Sentraloperasjon og Dagkirurgisk avdeling Ålesund
- Tett samarbeid med ulike profesjonar
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Du viser fagleg interesse og nytenking
- Du er strukturert og tek initiativ til eiga utvikling og kompetanseheving i samarbeid med leiinga
- Du er fleksibel, sjølvstendig og samarbeidsvilleg
- Du har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- God oppfølging av nytilsette med fadderordning
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Arild Solbakken Hevrøy, Seksjonsleiar, +47 70105474, Arild.Solbakken.Hevroy@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5201254758
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7599a604-e99e-4855-92af-a0392c39e98a
- Sist endret
10. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dcebd63eb33744bd95e4a0dd029aa95d