Sjukepleiar
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Ønskjer du å bu på ein spennande stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Er du sjukepleiar? Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Om stillinga
Nordfjord sjukehus har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 15.10.2025.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot dei fleste pasientar med behov for akutthjelp frå dette området.
Om Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod samt ei rikt fritids- og kulturtilbod.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Gruppeleiarfunksjon
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS og Meona
- 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Moglegheit for langvakter kvar 3.helg / 4.helg etter ulike avtalar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå sjukehus / medisinsk sengepost er ein fordel
- Erfaring med bruk av DIPS eller Meona er ein fordel
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskapar
- Vere pasientorientert og ansvarsbevisst
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Vere fleksibel og engasjert
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, +47 932 90 198Katrine Holmøy Holvik, Einingsleiar, +47 916 97 445
Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5011444135
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Katrine Holmøy Holvik
Einingsleiar
+47 916 97 445
Hilde Manseth Bjørhovde
Seksjonsleiar
+47 932 90 198
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
755afec5-2efd-4f04-b428-4f8e2a76e03d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
761ea60d80df4ec2aad06d6201cdde81