Hopp til innhold

Assistent kjøkken

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Om jobben

Stillingstittel
Assistent kjøkken
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 2. november

Om stillinga

Vaksdal Kommune søker no ein assistent som kan hjelpe til på kjøkkenet på Ressurssenteret kvar 3. helg - dagtid. 

Ressurssenteret heldt til i to av etasjane på Vaksdal sjukeheim. 

2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens fordelt på 2 avdelingar. 
3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 15 pasientar fordelt på to avdelingar

Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.


Arbeidsoppgaver

  • Lage og klargjere måltid
  • Handtere allergen og spesialkost
  • Oppvask (maskin og manuelt)
  • Reingjere kjøkken, utstyr og arbeidsflater
  • Kontrollere temperatur, datomerking og lagring
  • Handtere avfall og kjeldesortere

Kvalifikasjonskrav

  • Norskferdigheiter– du må kunne forstå og følge rutiner, og ofte kommunisere med pleiepersonell.
  • Fysisk kapasitet – noko løft, ståing og tempo kan førekomme.

Ønskeleg kompetanse

  • Kurs i hygiene og mattryggleik.
  • Kjennskap til arbeid i helse- og omsorgssektoren.
  • Erfaring frå storkjøkken, kantine, institusjonskjøkken.
  • Kunnskap om ernæring.

Personlege egenskapar

  • Samarbeidsevne og serviceinnstilling – tett samarbeid med helsepersonell.
  • God personleg hygiene og rutiner for smittevern.
  • Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode.
  • Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter.
  • Du kommuniserer godt og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv.
  • Er påliteleg og stabil.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagte.


Vaksdal kommune tilbyr

  • Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
  • Gode moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
  • Individuell oppfølging 

Kontaktperson for stillingen

Anne Kari Helle

Avdelingsleiar ressurssenteret

+4745376843

anne.kari.helle@vaksdal.kommune.no

Om bedriften

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

755a313d-f700-4fb8-be44-75ab8b6df506

Sist endret

19. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10313105

Lignende annonser

Laster lignende annonser