Hopp til innhold

Driftsteknikar

Arbeidsgiver

Forvaltning og drift, Volda kommune, Eigedom

Sted

Prestegata 33, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Driftsteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 28. august

Vi søker etter driftsteknikar for eigedomsavdelinga i Volda Kommune. 
Som driftsteknikar med oss får ein ein svært allsidig arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver, både avanserte tekniske utfordringar, og menneskenære oppgåver. Vi har etter kvart mange moderne og driftsmessig spanande bygg. Ein arbeider sjølvstendig og i team med andre kollegaer. Ein samarbeider tett med kollegaer i eigen avdeling og tilsette elles i Samfunnsutvikling, -og med tilsette i andre sektorar særleg innan Oppvekst og Helse/omsorg. 

Ein driftsteknikar i Volda Kommune har stor innverknad på sin eigen arbeidskvardag.

Som driftsteknikar får du ansvar for oppfølging av eit antall bygg. Ein har oppmøteplass og base i bygget til Volda Brannstasjon, Prestegata 33. Kvar einskild driftsteknikar disponerer bil og utstyr rigga til arbeidsoppgåver som ligg til stillinga. 
Vi vil oppmode kvinner om å søke på stillinga.

Arbeidsoppgåver

Driftsteknikar sine arbeidsoppgåver er hovudsakleg drift og vedlikehald av kommunale bygg.
Volda kommune har fleire nye bygg som vil vere fagleg utfordrande og inspirerande å jobbe med. Arbeidsoppgåvene er varierte, og ein vert utfordra på fleire fagfelt som bygg, ventilasjon, elektro, vvs og anlegg.

For denne stillinga ser vi særleg etter ein person som skal gå inn i vårt kontrollteam for kommunale leikeplassar i tillegg til ordinære driftsteknikaroppgåver.

Til dette ligg tilsyn med kommunale leikeplassar i våre 8 kommunale barnehagar, 7 skular og frittståande aktivitetsparkar som stadionparken, rådhusparken og aktivitetsparken i Grodås. Her er det ein stor fordel med erfaring frå HMS-arbeid, kjennskap til ROS-analyser med tilliggande arbeidsoppgåver. Opplæring både intern og ekstern vil bli gitt.

Arbeidsoppgåvene og dermed arbeidskvardagen vert administert gjennom FDV systemet FamacWeb. 

Kvalifikasjonar (overskrift)

Har du fagbrev eller erfaring innan rør/VVS, mekanisk arbeid, byggfag og byggdrift er det ein fordel, men andre dokumenterte kvalifikasjonar er interessant for oss.

Eigedomsavdelinga i Volda Kommune tek mål av seg å vere leiande på digital kompetanse innan fagfeltet. Så har du må ha digital kunnskap og interesse er avgjerande for oss, spesiellt erfaring og bruk av Office 365.   

Politiattest vert å legge  fram der det er eit krav
Førarkort kl B er nødvendig i det daglege arbeidet. BE, Truck, stillas og liftkurs er ynskeleg og vil bli vektlagt..

Personlege eigenskapar for stillinga er:

Ansvarsbevisst
Gode kommunikasjonsevner
Gode skriftlige og munnlege ferdigheiter i norsk
Løysingsorientert og serviceinnstillt
Kunne arbeide i team 
Kunne bruke data som arbeidsverktøy 

Identifisere seg med kommunen sine kjerneverdiar:
RAUS
MODIG
KOMPETENT
LÆRANDE

Faglege utfordringar
Varierte arbeidsoppgåver
Gode pensjon og forsikringsordningar
Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv
Naudsynt opplæring og kursing
Fleksitidsordning
Løn etter kvalifikasjonar

Kontaktinformasjon

Odd Harald Sundal, Seksjonsleiar, +47 96012601

Arbeidsstad

Prestegata 33
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5157951992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Odd Harald Sundal

Seksjonsleiar

+47 96012601

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

753411bd-c3a6-4e32-85a2-1edadc4ad088

Sist endret

5. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9e322c16326b4663879f110e12ab1205

Lignende annonser

Laster lignende annonser