Helsefagarbeider 100% fast
Alver kommune
Kvernhusmyrane 43, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider - 100% døgnturnus - Klubben bustad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. januar
Om stillinga
Me søkjer engasjert og fagleg interessert helsefagarbeidar i for tida 100 % døgnturnus. Me er på jakt etter deg som er fagleg trygg og engasjert med evne til å møte personar med respekt, varme og stuktur. Hos oss er det viktig å kunne arbeide sjølvstendig men også i team. Me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell!
Stillinga er ledig fra 01.02.26.
Om oss
Me er ei gruppe på 8 faste tilsette som jobbar i bustaden som ligg sentralt i Knarvik. Her jobbar me i team på 2 personar. Personalgruppa består i dag av vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar med god erfaring innan feltet. Me er ein sosial og engasjert gjeng som jobbar for eit godt arbeidsmiljø på bustaden.
Arbeidsoppgåver
- Helsehjelp og praktisk bistand etter gjeldande rutiner
- Tilsyn
- Dokumentere i elektronisk journalsystem og nytte andre aktuelle fagsystem.
- Medikamenthandtering
- Følgje opp vedtak etter helse og omsorgslova kap.9
- Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar.
- Bidra til å skape en trygg og god kvardag for tjenestemottakar
- Utføre helsefremjande og førebyggjande arbeid
Kompetanse
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sertifikat klasse B
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Erfaring med helse og omsorgslova kap.9
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
Det er eit føremon om du har erfaring med tenestemottakarar med åtferd som utfordrer.
Kven er du?
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid.
- Du er tygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press.
- Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging.
- Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
- Du ar evnte til etisk og fagleg refleksjon
- Du har interesse og engasjement for brukargruppa.
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er lojal mot vedtekne avgjerder og tiltak
- Du er etisk reflektert i møte med tenestemottakarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
Me søkjer deg som trivast med å arbeide i døgnturnus, også på natta når kroppen vanlegvis er innstilt på søvn. Du som evner å vere sjølvstendig og handlekraftig, og skape tryggleik for våre tenestemottakarar.
Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på.
Me oppmodar menn til å søkja med bakgrunn i tenestemottakar sitt behov jf. . AML 13-3 og likestillings- og diskrimineringslova § 9 a).
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell!
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus
- Gratis parkering
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
74d39447-7e43-4d19-b8ea-61db57061256
- Sist endret
23. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275555
Lignende annonser
Helsefagarbeidar - 100%, Knarvik sjukeheim avd 1
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Helsefagarbeider / assistent / Dag/Natt fast - Mjåtveitstø
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Sjukepleiar - 100 % -Knarvik sjukeheim avd. Helsehuset
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø