Vil du gjere ein skilnad - kvar dag?
Nav, Bømlo kommune
Kulturhusvegen 19, 5430 Bremnes, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar NAV
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Trivst du med varierte oppgåver og menneskemøte?
Har du pågangsmot og engasjement, og eit sterkt ønskje om å bidra til endring i menneske sine liv gjennom rettleiing og støtte? Då kan du vere den me ser etter!
NAV Bømlo har ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar i kommunale tenester. Me tilbyr ein spennande og utviklande arbeidsplass med eit godt fagleg miljø, der du blir del av eit engasjert team på 35 medarbeidarar.
Saman har me ansvar for arbeidsretta oppfølging, sosiale tenester og busetting av nykomne flyktningar i Bømlo kommune. Her får du høve til å jobbe tett på menneske i ulike livssituasjonar, og bidra til at dei får støtte og verktøy til å meistre kvardagen.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som rettleiar og saksbehandlar vil du ha ei sentral rolle i saksbehandling, opplysning, råd og rettleiing etter lov om sosiale tenester i Nav. Du vil ha tett kontakt og dialog med tenestemottakarar som står i ein utfordrande økonomisk situasjon, og bidra til å finne gode løysingar. Særleg viktig er det at du har kunnskap og evne til å sjå heile familiar under ett, og at du tek særleg omsyn til vurdering av barna sitt beste i utføringa av arbeidet.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Kartlegge, veilede og følge opp menneske med samansette behov.
- Saksbehandle etter sosialtenestelova.
- Tilby råd og rettleiing innafor Nav-kontoret sine fagområde.
- Tilby økonomisk råd og rettleiing.
Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonskrav:
- Bachelorgrad, fortrinnsvis innan sosialfag (t.d. sosialt arbeid eller barnevernspedagogikk). Anna relevant utdanning kan og bli vurdert.
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk.
- Erfaring med bruk av digitale samarbeidsplattformer som t.d. saksbehandlingsverktøy eller andre fagsystem.
- God økonomiforståing, dokumentert gjennom utdanning, arbeidserfaring eller kurs.
I tillegg er det ynskjeleg at du har:
- Erfaring innan oppfølgings- og rettleiingsarbeid.
- Erfaring frå offentleg forvaltning.
Personlege eigeskapar
Me søkjer deg som:
- Viser engasjement og har stor interesse for fagområdet.
- Er god til å bygge relasjoner, skape tillit og motivasjon.
- Samarbeider godt med andre.
- Er sjølvstendig og har evne til å prioritere.
- Er fleksibel og løysingsorientert i møte med uforutsette utfordringar.
Utdanning, erfaring og personlege eigeskapar vert vektlagt i vurderinga, samt motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ein framoverlent kommune.
- Eit levande fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med dyktige og trivelege arbeidskollega.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Bedriftshelseteneste.
- Medlemskap med tilsettegoder i kommunal velferdsklubb.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Synne Halleraker eller leiar Elisabeth Haugen.
Kontaktinformasjon
Synne Halleraker, Avdelingsleiar, 91807383, synne.halleraker@nav.noElisabeth Haugen, Leiar, 91125279, elisabeth.haugen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 195430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5018036317
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
74cab014-52bc-4838-ba48-db77663086ef
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b87c39164e2f4c41912f9ad23aadc029