Operatører ved operasjonssentralen
FOT-Seksjon for operative tjenester, Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Operatører ved operasjonssentralen
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. mars
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester er det ledig eit antall mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 SKO 1461/1459/1457 med funksjon som operatør. Stillingane inneber turnusteneste.
Felles eining for operativ teneste er ein funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i
Seksjon for operative tenester, Seksjon for operative spesialfunksjonar, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerheit og beredskapskoordinering og Seksjon for felles tenestekontor.
Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna
faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet.
Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og
metode. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande
samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar.
Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på
teama.
Arbeidsoppgåver
- Svara på alle førespurnader til operasjonssentralen samt koordinere og gjennomføre oppdrag
under leiing av oppdragsleiar og operasjonsleiar - Delta aktivt i operasjonssentralen sine arbeidsoppgåver
- Arbeid i samsvar med styrande dokument, planverk og bruksplan for PO. Motta, formidle og føre
operative meldingar - Døgnbasert naudmeldeteneste (112) og handsame alarm- og overvakingsanlegg
- Bidra til å setje i verk naudsynt straksetterforsking
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig:- Vitnemål fra Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden (trykk på lenke for vedlegg)
- Minimum 2 års erfaring som tilsett i politiet og/eller erfaring som operatør ved operasjonssentral med godkjent operatørkurs frå politiet
- Gode IT- og systemkunnskapar, herunder politidistriktet sitt plan- og instruksverk
- God munnleg og skriftleg framføring
- Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømande og utvida) må
innhentast ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. - Må kunne sikkerheitsklarerast og autoriserast for HEMMELEG
- Erfaring frå politiarbeid, herunder ordensteneste og etterforsking blir vektlagt
- Erfaring frå operasjonssentralen er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å prioritere, halde fokus, meistre stress og handtere pressa situasjonar
- Gode kommunikasjonsevner og god på å byggje relasjonar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, samt å arbeide godt i team, og vere løysingsorientert
- Gode sosiale evner som fremjar trivsel og eit godt arbeidsmiljø
- Personleg egnethet, potensiale og motivasjon for stillinga vil bli tungt vektlagt
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform .
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457:
- Politibetjent 3 - brutto årslønn på frå kr. 640 000,-
- Politibetjent 2 - brutto årslønn på frå kr. 530 000,-
- Politibetjent 1 - brutto årslønn på frå kr. 480 000,-
Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Grunnopplæring som operatør i operasjonssentralen og innføringsperiode
- Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og
Pb3 - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger
(www.spk.no) - Bedriftshelseteneste
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Referansenr: 25/55860
Kontaktinformasjon
Kjetil Øyri, Seksjonsleiar, 55556154Spørsmål om elektronisk CV/søknad , Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4926012160
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Kjetil Øyri
Seksjonsleiar
55556154
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881608
- Hentet fra
talentech
- Referanse
609378ac6300489fb3d7ecaea13f0f79