Hopp til innhold

Seksjonsleiar lege

Arbeidsgiver

Voss Anestesilegar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus

Sted

Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fast stilling som seksjonsleiar lege, anestesi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 10. november

Kva med å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø og samstundes ha kort avstand til flott natur og moglegheit for mange opplevingar?

DET er det ikkje mange som kan tilby, men me kan, fordi anestesiavdelinga ved Voss sjukehus treng ein ny leiar. 

Den dyktige og trivelege seksjonsoverlegen vår skal bli pensjonist. Bra for han, synd for oss, og ei eineståande moglegheit for ein overlege i anestesi med ein leiar i magen! Ei 100 % stilling som seksjonsleiar i Voss anestesilegar kan bli din frå 01.03.2027, eventuelt frå eit nærare avtalt tidspunkt.

Voss sjukehus er lokalsjukehus med traumefunksjon for om lag 31 000 innbyggjarar i Indre Hordaland, og har i tillegg pasientar frå Bergen, indre Sogn og Hardanger. Me har akuttberedskap innan både kirurgi, føde/gynekologi, ortopedi og indremedisin. Her møter du eit oversikteleg sjukehus med korte linjer, tett samarbeid og raske avgjerder - og om lag 400 engasjerte medarbeidarar som jobbar saman for å levere gode tenester. Me har eit inkluderande miljø med rom for både fagleg vekst og fordjupning.

Voss Anestesi legar har stillingsheimlar for 5 fast tilsette overlegar i anestesi, i tillegg til seksjonsoverlege, og for 1 fast tilsett LIS 3. Som seksjonsoverlege i anestesi ved Voss sjukehus får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Du jobbar tett med dyktige kollegaer innan fleire fagområde og får brukt og vidareutvikla brei klinisk kompetanse i eit miljø som vektlegg samarbeid, tryggleik og kvalitet. Breidda i behandlingstilbod gjev deg særleg god erfaring innan avansert handtering av vanskelege luftvegar og ultralydrettleia nerveblokadar. Me har kapasitet til kortare respiratorbehandling og samarbeidar tett med Intensivmedisinsk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus når pasientar treng lengre forløp.

Les meir om Voss sjukehus på heimesida.

Vossabygda har mykje å by på i tillegg til vår gode arbeidsplass. Tilgang til mange ulike fritidsaktivitetar og eit variert kulturtilbod finn du berre nokre steinkast frå sjukehuset.

Så løp og søk!

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide tett saman med direktør og dei øvrige seksjonsleiarane
  • Vere arbeidsgjevarrepresentant og balansere dette klokt mot dine kollegaer
  • Personal- og budsjettansvar, og ansvar for økonomi, fag, kompetanse og fagleg utvikling i din seksjon
  • Overordna ansvar for pasientbehandling i din seksjon
  • Delta i avdelinga si vaktordning
  • Inngå som viktig aktør i mellom anna traumeteam og hjertestansteam
  • Ansvar for disponering og bruk av intensivmedisinsk kapasitet, inkludert kortvarig respiratorbehandling
  • Delta ved nyføddresucitering og behandling av dårlege born
  • Behandling og oppfølging av pasientar på Intensiv i samarbeid med relevante fagområde
  • Rettleiing og undervisning av LIS3
  • Internundervisning

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi.
  • Du har solid erfaring innan anestesi, intensivbehandling, traumatologi og obstetrikk. Seksjonen legg til rette for nødvendig fagleg oppdatering eller ytterlegare opplæring ved behov
  • Du held deg fagleg oppdatert, har god prosedyrekunnskap og gjennomfører praktiske prosedyrar i tråd med oppdaterte retningsliner
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
  • Det blir lagt vekt på formell vidareutdanning og ei aktiv haldning til å tileigne seg ny og moderne kompetanse   

Personlege eigenskapar

  • Du ser verdien av både høg fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
  • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei
  • Du trivs i skjæringspunktet mellom klinikk, leiing og utviklingsarbeid
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo og krevande situasjonar
  • Du trivst med å arbeide klinisk med anestesi både på dagtid og på vakttid
  • Ønskjeleg at du bur på Voss over tid      

Vi tilbyr

  • Fagleg og kollegialt godt miljø
  • Variert arbeidsplass som gir moglegheit til å utvikle eigen kompetanse
  • 6-delt vaktordning
  • Individuell tilpassing av arbeidsplan ved behov
  • Hjelp med å finne bustad/hybel

Kontaktinformasjon

Birger Norderud Lærum, Direktør, +47 56533763

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 15
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5187283173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Birger Norderud Lærum

Direktør

+47 56533763

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7307b266-5eae-40fd-ae17-921733498121

Sist endret

12. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a8b772a517c64aee9b492afc09020a83

Lignende annonser

Laster lignende annonser