Ledige sjukepleiarstillingar ved Vik helse- og omsorgssenter, institusjon
Vik kommune - Vik sjukeheim
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarar ved VHO, institusjon
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. september
- Stilling 1: 20% fast og 80 % vikariat (ledig frå snarast til og med 30.04.26 med mogelegheit for forlenging).
- Stilling 2: 20% fast og 80% vikariat (ledig frå snarast og til og med 31.08.2026 med mogelegheit for forlenging).
Stillingane er tredelt og inngår i årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Det er mogleleg med langvakter kvar 4. helg om ynskjeleg.
Om arbeidsstadenKommunen er liten men tenkjer stort, og sjukeheimen er lokalisert i nye, moderne lokale. I tilknyting til sjukeheimen har ein også lokale til heimetenester, psykiatri, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. VHO er inne i siste byggetrinn, og sjukeheimen har i denne perioden 12 plassar særleg tilrettelagt for somatisk sjuke, 12 plassar særleg tilrettelagt for pasientar med demens, og eitt KAD-rom. Frå om lag mai 2026 står alt ferdig, og sjukeheimen er då samlokalisert med 12 plassar særleg tilrettelagt for somatisk sjuke og 18 plassar særleg tilrettelagt for pasientar med demens, fordelt på grupper på 6 pr gruppe.
Vik helse- og omsorgssenter, institusjon yter tenester til alle typar pasientgrupper, og jobbar mellom anna med demensomsorg, rehabilitering og avlastning, samt behandlingar retta mot kroniske, somatiske tilstandar. Me har eitt KAD-rom, og eitt rom for lindrande behandling, som også er med inn i nybygget. Me jobbar med alle typar sjukepleiefaglege prosedyrar, og gir både avansert lindrande behandling, og intravenøse behandlingar, sårbehandlingar, og mykje meir. Det er tett samarbeid mellom sjukeheim, heimetenestene, psykiatri/rus og rehabiliteringsavdeling. Me har tilsynslege i 1,5 dag per veke på sjukeheimen.
Me tilbyr- Gode lønnsvilkår
- Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i eit fagfelt i stadig utvikling
- Mogelegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Mogelegheit for støtte til relevant vidareutdanning
- Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga.
- Sjukepleiarfaglege oppgåver og vera ansvarsvakt.
- Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad.
- Avansert sjukepleie og lindrande behandling.
- Bidra til at personalgruppa yter heilheitleg og forsvarleg tenestetilbod.
- Kollegarettleiing og tett samarbeid med samarbeidspartar og pårørande.
- Bidra til fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø i tenesta.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Arbeid med velferdsteknologiske løysingar i deler av helse og omsorgssenteret, og i heile helse og omsorgssenteret ved ferdigstilling i 2026.
Norsk aut. sjukepleiar eller vernepleiar. Me ynskjer også søkjarar under utdanning, som får autorisasjon i nær framtid.
Me ser etter deg som har god norsk munnleg og skriftleg kompetanse, er ryddig, strukturert og systematisk og har evne til å arbeide sjølvstendig.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Du er engasjert og positiv.
- Du er fagleg trygg, modig og raus- og evnar å gjera tenesta, tilsette og brukarar gode.
- Du likar å arbeide kunnskapsbasert og sjølvstendig og tar ansvar på vakter.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv.
- Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring må leggast ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7243f09f-3699-4fa6-b44a-c7d6165e3fe2
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3539587_248693_nn