Prosjektstilling Flyktningetenesta
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektstilling Flyktningetenesta
- Type ansettelse
- Prosjekt, deltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Om stillinga
Samnanger kommune har dei siste åra tatt imot ei stor gruppe flyktningar frå Ukraina. Me har no ledig ei prosjektstilling knytta til individuell oppfølging av ein brukar, samt etablering av intergreringstiltak på systemnivå. Miljøarbeidaren vil bli tilsett i Nav/flyktningetenesta, men skal samarbeide tett med Samnangerhjelpa og psykiske helsetenester til vaksne.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av brukar
- Etablering og drift av integreingstiltak
- Etablering og drift av tiltak knytta til psykisk helse
- Delta i tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Krav- Helse-/sosialfagleg utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Beherske norsk språk
- Erfaring frå arbeid med menneske
- Sertifikat kl. B
- Beherske ukrainsk, eventuelt russisk
- Erfaring frå arbeid med flyktningar
Personlege eigenskapar
- Du evner å arbeide sjølvstendig og i team
- Du tek initiativ og har pågangsmot
- Du har godt humør og stor empati for dine medmenneske
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Kjekke arbeidskollegaer
- Godt arbeidsmiljø
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7227b701-7804-4bbb-a1a6-493f8554addb
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268491
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Sted
Os
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Sted
Tysse
Tilkallingsvikarar 2025
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Sted
Os