Er du vår nye LIS3?
Radiologisk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Er du vår nye LIS 3?
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. august
🔷 100 % fast stiling som lege i spesialisering (LIS3) i radiologi ved Førde sentralsjukehus 🔷
Er du nyutdanna lege og klar for å starte spesialiseringa di? Ønskjer du ein trygg og lærerik start på karriera di, med tett oppfølging og eit inkluderande fagmiljø? Då kan LIS-stillinga i radiologi ved Førde sentralsjukehus vere noko for deg!
Treff nokre av medarbeidarane våre i denne videosnutten!
Kvifor velje Førde?
Hos oss får du:
- Ein trygg start i eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og fulgt opp
- Variert praksis og erfaring med bildediagnostikk
- Tett rettleiing frå erfarne spesialistar og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit sosialt og støttande arbeidsmiljø med låg terskel for å stille spørsmål
Stillinga som LIS innheld vakt i 6-delt vaktskikt. Noverande arbeidsplan gir ei friveke kvar sjette veke. Vi er fleksible når det gjeld oppstartstidspunkt.
Dette får du hos oss:
- Eit LIS-løp med god struktur og individuell oppfølging
- Kurs og undervisning som støttar spesialiseringa di
- Moglegheit for å delta i forsking og fagutvikling
- Sosiale arrangement og eit inkluderande kollegium
- Eit godt arbeidsmiljø med støtte frå erfarne kollegaer
- Rekrutteringstillegg
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kven passar stillinga for?
Vi ser etter deg som:
- Er ferdig med medisinstudiet, har gjennomført LIS1 og ønskjer å spesialisere deg innan radiologi
- Er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team
- Har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.
Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Børge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 578 39 393Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5156077521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Børge Stavland
Avdelingssjef
(+47) 578 39 393
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7128660c-3699-4f5d-8618-71742caefe3d
- Sist endret
15. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a13c5d12a41f4aa4837bbcd0e8abb4f1