Sjukepleiar
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. november
Er du den vi ser etter 😊 så har vi ledig ei 100% fast stilling for sjukepleiar i turnus, i 1 etg. på Gloppen omsorgssenter, avdeling for kottid/ rehabilitering og KAD (kommunal akutt døgneining). Tilsetting snarast.
1 etg har 12 korttid- og rehabiliteringsplasser, 2 KAD plasser og 10 plasser på skjerma eining. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I avdelinga har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo m.fleire, faste legevisitter kvar veke. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Våre verdier:
Respekt, Kunnskap og OmsorgArbeidsoppgåver
- Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
- Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa.
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
- Opplæringsansvar overfor medarbeidere/ studenter.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Beherske norsk skriftleg og muntleg.
- Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen .
Personlege eigenskapar
- Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar.
- Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel.
- Ser sjukepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert.
- Trives med endringar og nytenking.
- Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ida Kristin Knutsen Gule, Avdelingsleiar, +47 90848835
Eva Skrivervik-Alme, Konstituert tenesteleiar, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4878621588
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Eva Skrivervik-Alme
Konstituert tenesteleiar
+47 48894818
Ida Kristin Knutsen Gule
Avdelingsleiar
+47 90848835
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2778413
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf98fcf5435b440f9a8dbaf5c4de3ce4