Vi søkjer driftskoordinator
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS
Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftskoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 21. oktober
SSR ser etter deg som kan ta ei sentral rolle med å hjelpe kundar, planlegge logistikk, følgje opp sjåførar og utarbeide avfallrapportar.
Som driftskoordinator blir du eit viktig bindeledd mellom krokbilar, miljøstasjonar, containerar og komprimatorbilar.
Vi ser derfor etter ein strukturert, serviceinnstilt og engasjert medarbeidar med interesse for ein avfalls- og gjenvinningsbransje i stadig utvikling.
Stillinga er 100 % fast og har arbeidsstad i Saunesmarka i Ulsteinvik.
Du får desse oppgåvene:-
Koordinere transport, logistikk og ruteplanlegging
-
Yte god kundeservice og handtere kundekontakt via telefon og e-post
-
Ta imot, registrere og følgje opp bestillingar både eksternt og internt
-
Planlegge og koordinere dagleg logistikk i samarbeid med sjåførane
-
Registrere og følgje opp oppdrag i relevante fagsystem
-
Fakturere og utarbeide avfallsrapportar
-
Kvalitetssikre avfallsfraksjonar og følgje opp avvik
-
Deklarere farleg avfall
-
Utarbeide fraktdokument for avfall som skal transporterast ut av anlegget
-
Delta i prosjekt- og utviklingsarbeid ved behov
-
Utføre andre arbeidsoppgåver etter behov
-
Rapportere til driftsleiar
-
Formulerer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
-
God digital kompetanse
-
Interesse for berekraft, avfallshandtering og gjenvinning
-
God logistikkforståing
-
Relevante fagbrev innan gjenvinning, logistikk eller transport kan vere eit pluss
-
Førarkort klasse B
-
Er sjølvstendig med gode samarbeidsevner
-
Arbeider strukturert og nøyaktig
-
Er kundevenleg, kundeorientert og serviceinnstilt
-
Lærer nye system og arbeidsoppgåver raskt
-
Er eit ordensmenneske med stor læringslyst og engasjement for kjeldesortering
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Vi tilbyr:-
Ei sentral rolle i eit selskap med viktig samfunnsoppdrag
-
Ei allsidig stilling i ein spennande og framtidsretta bransje
-
Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
-
Moderne anlegg og digitale arbeidsverktøy
-
Moglegheit for kursing innan farleg avfall og som sikkerheitsrådgivar
-
Lønn etter avtale og pensjonsordningar gjennom KLP
Høyres dette ut som noko for deg?
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.
Send søknad og CV på e-post til: rune@reinhaldsverket.no.
Søknadsfrist 21. oktober 2026.
Om bedriften
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt selskap med hovudbase i Ulsteinvik. Selskapet har ansvaret for avfallshandteringa til om lag 25 000 innbyggjarar i kommunane Herøy, Hareid, Sande og Ulstein. Målet er å sikre ei miljøvenleg, effektiv og forsvarleg avfallshandtering i tråd med gjeldande forskrifter og regelverk.
Med tre miljøstasjonar og ca. 40 tilsette, arbeider vi dagleg med å legge til rette for at mest mogleg av det som blir kasta i området vårt, blir gjenvunne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7075fef3-1df4-4e31-bb1e-ece7c6cf00ec
- Sist endret
6. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
477587281