Vikariat Førstekonsulent/Rådgiver
Møre og Romsdal friomsorgskontor
Storgata 43, 6508 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat Førstekonsulent/Rådgiver
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
Om stillinga
Vi søker etter ein engasjert fyrstekonsulent/rådgjevar i eit 100% vikariat fra 01.01.26 - 01.10.26. Stillinga har kontorstad i Kristiansund.
Møre og Romsdal friomsorgskontor har 26 tilsette, med hovudkontor i Molde og kontor i Ålesund og Kristiansund.
Møre og Romsdal friomsorgskontor inngår i Kriminalomsorga region vest. Region vest med regionkontor i Bergen omfattar både Vestland fylke
og Møre og Romsdal fylke. I Møre og Romsdal er det tre einingar, to fengsel og eit friomsorgskontor.
Arbeidsoppgåver
- oppfølging av straffedømte som gjennomfører straff i fridom; samfunnsstraff,
program mot ruspåverka køyring, møteplikt, samt oppfølging av botlagte - planlegge eit kriminalitetsførebyggjande innhald i straffa
- koordinere og formidle kontakt mellom domfelte og forvaltningsapparatet/hjelpeapparatet
- drive utviklingsarbeid og programverksemd
- utarbeiding av personundersøking til bruk i straffesaker
- sakshandsaming etter straffegjennomføringslova
- Møre og Romsdal friomsorgskontor har også oppfølging av domfelte under soning med elektronisk kontroll, §12- soning i
institusjon og narkotikaprogram med domstolskontroll.
Den som vert tilsett må rekne med å ta del i heile verksemda sine oppgåver og drift. Ansvarsområda og oppgåvene kan endre
seg da organisasjonen er i stadig utvikling. Det må påreknast noko reiseverksemd.
Utdanning og erfaring
Du må ha- relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå, fortrinnsvis barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier
- minimum 3 års relevant erfaring eller mastergrad for stillingskode rådgjevar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- gode datakunnskap
- førarkort kl. B
- erfaring frå sosialt arbeid, rus/psykiatri eller vidareutdanning innan til dømes rus/psykiatri
- erfaring frå sakshandsaming
Personlege eigenskapar
- er sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- jobbar systematisk, er effektiv og nøyaktig
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å motivere for endring
- evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
- evne til å bidra til eit godt samspel på arbeidsplassen
- har personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- stillinga som fyrstekonsulent er plassert i stillingskode 1408, årsløn mellom kr 520 000-600 000, rådgjevar er plassert i stillingskode
1434, årsløn mellom kr 564 000 - 692 400. Frå løna vert der trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fungerande friomsorgsleiar Trude Aarseth tlf. 472 72 303.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
705dba93-8c66-4dbd-8454-4052b8d75d40
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269706
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Kristiansund N
Sekretær
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Barneverntjenesten
Sted
Frei
Enhetsleder
Arbeidsgiver
Kristiansund kommune Psykisk helse og rus
Sted
Kristiansund N