Tilkallingsvikarar Hustad fengsel
Hustad fengsel
Adresse mangler, 6444 Farstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar Hustad fengsel
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest onsdag 1. oktober
Har du lyst til å jobbe i fengsel?
Bli tilkallingsvikar hos Hustad fengsel!Hustad fengsel leiter etter dyktige tilkallingsvikarar som har lyst til å ta del i vårt viktige arbeid. Vi har bruk for vikarar både som fengselsbetjent og som verksbetjent i arbeidsdrifta.
Som verksbetjent arbeider du på dagtid med å aktivisere innsette og gje dei eit meiningsfylt innhald i straffegjennomføringa. Det å ha ein aktivitet som gjer at ein vert motivert til å stå opp og gå på jobb, møte menneske og delta i noko som er større enn seg sjølv, er eit grunnleggande behov i livet. Som verksbetjent bidreg du til å førebygge skadevirkninger av isolasjon, bygge meistring og motivasjon og bidra til dei innsette si psykiske helse. Vi bruker også naturen rundt oss aktivt i dette arbeidet.
Som fengselsbetjent arbeider du turnus (dag, kveld, natt og helg) og får moglegheit til å skape ein positiv innverknad i livet til dei innsette. Du får være rollemodell, samtalepartner, rettleiar og du får vise omsorg. Som fengselsbetjent møter du mange ulike mennesker. Nokon har begått alvorlige kriminelle handlinger, andre har psykiske lidingar eller atferdsvansker. Sikkerhet, grensesetting og konfliktløysning er en viktig del av arbeidshverdagen til en fengselsbetjent. Du får også bidra til at innsette sitt opphold bli meiningsfullt og rehabiliterende.
Dette er Hustad fengsel
Hustad fengsel ligger vakkert til i Hustadvika kommune, midt mellom Molde og Kristiansund. Fengselet har 60 plasser fordelt på høg og låg sikkerhet, og vi er rundt 60 tilsette i tillegg til ulike eksterne tenester som skule, helse, NAV, bibliotek og prest.
Vi legger stor vekt på at både ansatte og innsatte skal trives. Det merkes – og det gjer noko med kvardagen.
Hos oss får du:• aktiv og sosial velferdskomité med jevnlige arrangementer for tilsette
• pendlarbustad
• trening i arbeidstida og eige treningsrom
• avslappingsrom og kantine med fantastisk god mat
• gratis parkering og lademoglegheit for elbil
• statlige pensjons- og forsikringsordninger gjennom SPK
• årslønn som 1078 betjent (utan fengselsskulen) frå kr 389 000 – 458 000 eller som verksbetjent kr 458 500 – 573 000 avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Kvelds-, natt- og helgetillegg etter gjeldande satsar kjem i tillegg. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Arbeidsoppgåver
Fengselsbetjent- avdelingsteneste med daglege oppgåver rundt innsette
- aktiv deltakelse i sikkerheitsarbeidet ved avdelinga, ivaretaking av sikkerhet for innsatte og ansatte
- motivering av dei innsette og miljøarbeid
- andre rutineoppgåver
Verksbetjent
• aktivisering, sysselsetjing og oppfølging av innsette
• motivering av dei innsette og miljøarbeid
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde
Opplæring
Du må gjennomføre ei obligatorisk opplæring på om lag 70 timar. Her vil du lære meir om konflikthandtering, sikkerhet og sjølvforsvar. Opplæringa er løna og vert gjennomført på Hustad fengsel i veke 45. Du må delta på heile opplæringa for å kunne arbeide som tilkallingsvikar.
Utdanning og erfaring
Du må ha- fylt 20 år i 2025
- førarkort klasse B
- generell studiekompetanse
- gode kommunikasjons- og språkkunnskapar, samt digital kompetanse
- du må kunne vise fram utvida politiattest utan merknadar
- du må oppfylle dei fysiske funksjonskrava som gjelde for opptak ved Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS. Meir info om krava finn du her: www.krus.no/opptakskrav. Det vert gjennomført fysiske funksjonstestar som må bestås før tilsetting.
- har interesse for fengselsarbeid, og ønske om søke fengselsskulen eller er student innan relevant retning
- har erfaring eller interesse for arbeid med menneske i en krevjande livssituasjon, for eksempel rusomsorg, i institusjon eller frivillig arbeid i hjelpeorganisasjon
- kan jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- har evne til å finne gode løysingar for innsette, både i team og sjølvstendig
- har tolmod, er ansvarsfull, og har evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
- har relevant fagbrev (gjeld vikarar som verksbetjent)
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsførstebetjent Eirik Skaslien, tlf. 71 26 30 13.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
70391c60-4694-4e4c-88d9-1510f3d08f49
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262237