Vil DU vere med på å utforme framtida si helseteneste i Ål kommune?
Ål kommune Avdeling Meistring
Helsetunvegen 5, 3570 Ål
Om jobben
- Stillingstittel
- Ergoterapeut (50 %) og prosjektleiar e- helse (50 %) -100 % engasjement i 1 år.
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. november
Ål kommune søkjer ein fagleg engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til ei spennande kombinasjonsstilling. Stillinga består av eit 50 % vikariat som ergoterapeut og ei 50 % prosjektstilling innan digital heimeoppfølging (DHO) og e-helse, med varigheit på eitt år.
Gjennom prosjektet skal Ål kommune etablere digital heimeoppfølging som del av den vidare satsinga på velferdsteknologi og e-helse. Målet er å sikre betre oppfølging gjennom tidleg oppdaging av endringar i helsetilstand, styrke innbyggjarane si meistring, redusere behovet for fysiske konsultasjonar, samt å ta i bruk teknologi innan rehabilitering, trening og aktivitet.
Som ergoterapeut vil du vere ein viktig ressurs i arbeidet med rehabilitering, hjelpemiddelformidling og implementering av velferdsteknologiske løysingar. Dette gir ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med utviklings- og prosjektarbeid.
Me tilbyr- Ein spanande og variert stilling med stor moglegheit til å påverke utviklinbga av helse og og omsorgstenestene i Ål kommune
- Eit tverrfagleg og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse med mellom anna
- etablert tilbod om kronikaromsorg i legetenesta med dyktige spesialsjukepleiarar
- regionalt prosjekt med å ta i bruk meistringsteknologi
- tett regionalt samarbeid om digitalisering og e-helse knytt til Hallinghelse
- etablert prosjektgruppe som er tverrfagleg samansett
- internundervisning og fagleg påfyll
- arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
Arbeidsoppgåver som er ergoterapeut
- Kvardagsrehabilitering i samarbeid med fysioterapeut og heimeteneste
- Førebygging, behandling og rehabilitering i og utanfor institusjon
- Hjelpemiddelformidling og oppfølging
- Kartlegging av funksjon aktivitet og behov for tiltak
- Rettleiing til brukarar, pårørande og samarbeidspartar.
- leie planlegging, forankring, riskikoanalyse, utprøving og gjennomføring av digital oppfølging og e-helse
- Bidra til evaluering og gevinstrealisering av tiltak
- samarbeide med interne og eksterne aktørar, inkludert pårørande
- sikre brukarmedverknad og- involvering
- vere pådrivar, rettleie og støtte personell i bruk av teknologiske løsninger
- bidra i utvikling og testing av nye velferdsteknologiske løysningar i samarbeid med fagmiljø og leverandørar
- delta i utarbeiding og vidareutvikling av rutinar og prosedyrar for bruk og vedlikehald av velferdsteknologi
- brukaroppfølging og tilpassing av teknologiske løysingar i samarbeid med helsepersonell
- følgje opp nasjonale fellesløysingar og vurdere korleis dei kan nyttast betre lokalt
Kvalifikasjonar
- offentleg godkjend ergoterapeut.
- interesse for eller erfaring med velferdsteknologi, digitalisering eller e-helse
- god digital kompetanse
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- førarkort klasse B.
Det er ynskjeleg med:
- erfaring frå kommunehelsetenesta.
- erfaring frå prosjektarbeid, forbetringsarbeid eller tenesteutvikling.
- forståing for systematisk kvalitetsforbetring.
- kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern og risikovurdering.
- trivst med å kombinere klinisk arbeid og prosjektarbeid
- initativrik og utviklingsorientert
- nysgjerrig, engasjert, strukturert og løysingsorientert
- sjølvstendig , men også ein lagspelar
- trygg i rolla som fagperson og komfortabel med tverrfagleg samarbeid
- god til å motivere, rettleie og involvere kollegaer
- tydeleg pasient- og brukarfokus
- god rolleforståing og gjennomføringsevne
- har gode samarbeids. og kommunkikasjonsevner
- opptekenn av kvalitet, pasientsikkerheit og brukarmedverknad
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Send søknad og politiattest- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Bu og jobbe i ÅlÅl er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga. Velkomen som søkjar.Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6f641905-f281-40b1-805f-d3b047689ac0
- Sist endret
21. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3671775_211221_nn