Hopp til innhold

Har du tru på at alle menneske kan studere eller få seg ein vanleg jobb?

Arbeidsgiver

Nav Bergen sentrum (regionkontor Bergen)

Sted

Møllendalsveien 6, 5009 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
IPS-ung jobbspesialist region Bergen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 31. august

Blir du motivert av å jobbe med unge menneske? Har du tru på at alle menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan studere eller få og behalde ein vanleg jobb? Ønsker du å gjere ein skilnad i eit særs viktig samfunnsområde og har du erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning? Då er dette ein jobb for deg. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team der jobbspesialistar, behandlarar og Nav jobbar tett saman rundt den unge for å skape heilskaplege og berekraftige løysingar. 

IPS-ung er Individuell jobbstøtte (IPS) med større innsats både mot utdanning og arbeid for unge. Det er ein metode for å følge opp unge personar med psykiske lidingar og samansette utfordringar som ønsker utdanning eller arbeid, og som har behov for koordinerte tenester inkludert behandling samstundes med hjelp av ein jobbspesialist. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få og stå i ordinær utdanning eller løna arbeid.

Nav IPS Bergen veks og søker no etter ein jobbspesialist som skal jobbe etter IPS-metodikk med innsats overfor unge mellom 16 og 18 år i BUP Betanien.  Stillinga vil inngå  Team Betanien, knytt til Betanien DPS. Du blir formelt tilsett ved Nav Bergen sentrum, men får kontorplass på BUP Betanien. I praksis vil du bruke mykje tid ute i lokalmiljøet. 

Vil du bli med på å utvide IPS satsing mot barn og unge i Bergen? Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø med stor fagleg bredde, tett samarbeid og stort utviklingsfokus. Vi ber deg seie noko i søknaden din om kva som motiverer deg for stillinga, og kunnskapen din om IPS må og framkomme i søknad eller CV.


Kva går jobben ut på?

  • jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og studiestader/arbeidsgivarar
  • oppsøke utdanningsinstitusjonar og drive aktiv jobbutvikling hos bedrifter, skape dialog og bygge nettverk
  • vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar eller arbeidsgivarar (65% av arbeidstida)
  • følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere deira interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning eller jobb 
  • rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
  • engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgjevarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar  
  • bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
  • dokumentere arbeidet i fagsystem

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring med IPS eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring frå Supported Employment kan og vere aktuelt)
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
  • erfaring frå å jobbe med unge menneske mot arbeid og utdanning i målgruppa 16-18 år
  • kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad
  • erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging 
  • god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
  • kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar

Kva ser vi etter hos deg?

  • er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
  • er god til å motivere og inspirere
  • kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
  • trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat 
  • er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon

Kvifor velje oss

  • moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
  • opplæring, kurs og kompetanseheving 
  • stillingskode 1434 Rådgivar i lønnsspenn frå kr. 639 000 til kr. 680 000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast. 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
  • fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida

Les meir om å jobbe i Nav

Kontaktinformasjon

Liv Rosendahl, Avdelingsleiar, 97157472

Arbeidssted

Møllendalsveien 6
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5162544953
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Liv Rosendahl

Avdelingsleiar

97157472

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6ee7af4a-3c7a-4fea-851c-3ba8615270d0

Sist endret

17. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7ba8739abd5a41e5b6cbab0db637d353

Lignende annonser

Laster lignende annonser