ØyVAR søker nye medarbeidarar på gjenbruksstasjon
ØyVAR AS
Lonavegen 20, 5353 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsarbeidar/kunderettleiar på gjenbruksstasjon
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 6
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Om stillinga
Til våre gjenbruksstasjonar på Straume og Skogsvåg søker vi serviceinnstilte og ansvarlege driftsarbeidarar/kunderettleiarar. Vi ser etter deg som er oppteken av klima, gjenbruk og materialgjenvinning, og som ønskjer å arbeide i ein framtidsretta bransje der du bidreg til eit meir berekraftig lokalsamfunn. Du vil både bruke kroppen, hovudet og hjartet -- og du må trivst med å jobbe utandørs i all slags ver.
Er du nysgjerrig og lærevillig, lærer du raskt arbeidsoppgåvene hos oss - vi gir god opplæring og sørgjer for at du blir trygg i rolla. Vi har ledige faste deltidsstillingar (10-40 %) samt behov for tilkallingsvikarar, og vi ser gjerne at dei som blir tilsett i deltidsstillingar også kan inngå avtalar om tilkallingsvikariat ved behov.
Arbeidsoppgåver-
Møte kundar på ein imøtekommande, positiv og rettleiande måte
-
Gje fagleg rettleiing om sortering og levering av avfall
-
Sikre effektiv og trygg drift av gjenbruksstasjonen i tråd med gjeldande instruksar
-
Ta imot betaling
-
Klargjere stasjon og maskinar før og etter drift
-
Bidra til orden og reinhald på området
Stillinga rapporterer til fagsjef for renovasjon.
Kvalifikasjonar Må-krav:-
Norskferdigheter minimum på nivå A2
-
Interesse for avfallssortering og gjenbruk
-
Serviceinnstilt og evne til å arbeide sjølvstendig
-
Erfaring frå kundebehandling eller serviceyrke
-
Erfaring med drift eller bruk av maskinar, teknisk utstyr og teknologi
-
Fleirspråklege ferdigheiter
-
Trucksertifikat (T1--T4) og/eller maskinførarbevis
-
Erfaring frå gjenvinningsbransjen eller liknande
-
Kompetanse i farleg avfallshandtering er ønskjeleg men ikkje eit krav
Vi ser etter deg som:
-
møter folk med eit smil og finn løysningar
-
er ansvarleg, nysgjerrig og lærevillig
-
har gode kommunikasjonsevner
-
er praktisk anlagt og trivst med fysisk arbeid
-
trivst i ei sosialt og hektisk arbeidsmiljø og samarbeider godt med andre
-
har god ordenssans og held orden på arbeidsplassen
Arbeidet er i hovudsak knytt til kveldsvakter og laurdagar. For å oppnå stillingsprosenten på 10-40 %, må du kunne arbeide utvida vakter i feriar -- normalt om lag 6-8 veker per år. Arbeidsplan blir avtalt i god tid.
Om bedriften
Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytt til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar i VAR-sektoren. I gjenbruksstasjonane våre spelar kunderettleiarane ei sentral rolle i møte med innbyggjarane -- der gjenbruk, rett avfallshandtering og gode kundeopplevingar står i fokus.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6ed0f691-6462-49bc-9187-850f6759fa61
- Sist endret
3. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
434701075
Lignende annonser
Kundeveileder/Gjenvinningsoperatør
Arbeidsgiver
BIR Nyverdi AS
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Stena Recycling AS
Sted
Laksevåg
Innkjøps- og lagermedarbeider
Arbeidsgiver
BIR Husholdning AS
Sted
Blomsterdalen