Helsefagarbeidar - helgestilling
Om oss
Elvevegen 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - helgestillingar
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Om stillinga
Bueining for funksjonshemma har ledig 3 faste helgestillingar på 21% som passar for deg som ynkjer ein jobb ved sidan av studiar, oppauke i stilling eller deg som berre ynskjer ei lita stilling. Vi ynskjer deg som er helsefagarbeidar, men vi vurderar også andre med anna kompetanse eller deg som er villig til å ta fagbrev på sikt.
Arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar innan tradisjonelt miljøarbeid, psykiatri og somatikk
- Sikre at tenestemottakar får naudsynt hjelp og kvalitativt gode tenester i samsvar med gjeldande lovverk, vedtak og retningslinjer
- Pleiefaglege og praktiske oppgåver i heimen til brukar
- Medisindelegering etter kompetanse
Krav til kompetanse
- Vi søkjer fortrinnsvis helsefagareidar, men andre vil bli vurdert
- Det er krav om godkjent politiattest ved tilsetjing
- Førarkort klasse B er eit krav
- Det er også ein fordel med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming
Personlege eigenskapar
- Open, lojal og påliteleg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Fagleg engasjement.
- Løysingsorientert, strukturert og tydeleg.
- Du må vere helsemessig skikka til arbeidet, å tole høgt arbeidstempo.
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
- Evne til etisk refleksjon.
Vi ynskjer ein fagleg sterk, fleksibel og engasjert person som også evnar å arbeide sjølvstendig og å stå i ulike daglege utfordringar. Gode kommunikasjonsferdigheiter er sjølvsagt.
Personlege eigenskapar vert vektlagt, med særskilt fokus på gode samarbeidsevner, samt evne til å ta ansvar i ein travel kvardag.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Om arbeidsgjevaren
- I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
- Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
- I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
- Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering.
Bueining for funksjonshemma er lokalisert i Elvevegen, ca 1 km frå Dale sentrum.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2693082
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10217216