Overingeniør i materialvitskap
Universitetet i Stavanger
Adresse mangler, 4036 Stavanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overingeniør i materialvitenskap
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. oktober
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig eittårig vikariat som overingeniør i materialvitskap, med moglegheit for forlenging. Stillinga er organisatorisk plassert ved laboratoriet knytt til Institutt for energi og petroleumsteknologi ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.
Den som vert tilsett skal bidra med god og relevant rettleiing både for studentar og tilsette. Arbeidsoppgåvene er svært varierte og inkluderer samarbeid på tvers av avdelingar i eit internasjonalt miljø. Det aktuelle vikariatet vil vere knytt til laboratoria for røntgendiffraksjon (XRD) og geologisk prøvepreparering. Vår XRD vert brukt tverrfagleg av studentar, stipendiatar og forskarar frå ulike institutt, på svært variert prøvemateriale. I tillegg vert laboratoria brukte til preparering av prøver som innstøyping, kutting, knusing, maling, separasjon, mikroskopi, partikkelstorleiksfordeling og tynnslip.
Du kan lese meir om laboratoria våre på Laboratorium for geologi og reservoar | Universitetet i Stavanger.
Hovudoppgåver
- dagleg vedlikehald og drift av XRD, inkludert opplæring, prøvepreparering, analysar og tolking
- vere med på å få ny XRD (våren 2026) i gang, inkludert opplæring, utarbeiding av prosedyrar, kvalitetssikring av data m.m.
- bidra til å sikre dagleg drift av andre aktivitetar ved geologilaboratoriet
- delta i andre relevante oppgåver ved instituttet
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning på minimum bachelornivå innanfor et relevant fagområde: geologi, kjemi, fysikk, materialteknologi eller tilsvarande naturvitskapleg disiplin. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- gode ferdigheiter i engelsk språk, både munnleg og skriftleg.
Det er ynskjeleg at du har:
- erfaring innan instruksjon/rettleiing
- erfaring med drift og vedlikehald av laboratorieutstyr
- erfaring med bruk av XRD, samt tolking av XRD-data og å kvantifisera desse (Rietveld refinement)
- gode ferdigheiter i norsk språk, både munnleg og skriftleg
Vidare vert det lagt vekt på at du:
- er serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, effektiv og strukturert
- er initiativrik og resultatorientert
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling.
- lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1087, kr 630.000 - 720.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider
Mangfald
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar.
På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til avdelinga og oppmodar derfor spesielt kvinner til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne bli prioritert føre ein mann.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grøn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.
I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.
Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.
Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Fakultetet har eit nært samarbeid om forsking med NORCE og industrien i regionen. Ei rekkje master- og doktorgradsoppgåver blir laga i samarbeid med industrien. Fakultetet har etablert forskingssamarbeid med universitet i USA og Europa, og har utvikla fleire fagmiljø som er internasjonalt leiande. Fakultetet har om lag 2.900 studentar og 500 tilsette fordelte på Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for maskin, bygg og materialteknologi, Institutt for matematikk og fysikk, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, Institutt for energi- og petroleumsteknologi, Institutt for energiressursar og Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6eadd29f-9e45-4ef8-80c6-25486691def0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265072