Ferievikar 2025 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Ferievikarer Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar 2025- Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk Ålesund sjukehus og Klinikk for kreft og rehabilitering treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, anestesisjukepleiarar/ spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, ergoterapi, fysioterapi, helse- og sosialfag og medisin. Stillingane inneber både dag-, kveld- og nattevakter.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35.
Klinikk Ålesund sjukehus
- Medisinsk sengepost 1, 2 og 5
- Ortopedisk og revmatologisk sengepost
- Kirurgisk sengepost 1 og 2
- Sengepost for barn og ungdom Ålesund
- Anestesi Ålesund
- Akuttmottak Ålesund
Klinikk for kreft og rehabilitering
- Kreftbehandling og palliasjon Ålesund
- Fysikalsk medisin og rehabilitering
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Du behersker norsk skriftleg og munnleg
- Helsefagleg utdanning/bakgrunn
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Marthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2, Marthe.Farstad@helse-mr.noTone Torvik Akslen, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost 1, tone.torvik.akslen@helse-mr.no
Gro Westnes Lindin, Ass. Seksjonsleiar, Fysikalsk medisin og rehablitering, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.no
Esben Marcussen Magnell, Seksjonsleiar, Sengepost barn og ungdom Ålesund, esben.marcussen.magnell@helse-mr.no
Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 5, ellen.i.lagabo.molnes@helse-mr.no
Inger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 1, inger.k.reiten@helse-mr.no
Kristin Vestnes Sunde, Kons. seksjonsleiar, Akuttmottak, kristin.vestnes.sunde@helse-mr.no
Renate Susann Waage Fylling, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost 2, Renate.Susann.W.Fylling@helse-mr.no
Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, Ortopedisk og revmatologisk sengepost, Andre.Giskegjerde.Hoybakk@helse-mr.no
Arild Solbakken Hevrøy, Seksjonsleiar, Anestesi Ålesund, arild.solbakken.hevroy@helse-mr.no
Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, Kreftbehandling og palliasjon, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.no
Arbeidssted
Ålesund sjukehus6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4884473966
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Liv Bodil Angvik Ipsen
Seksjonsleiar, Kreftbehandling og palliasjon
Andre Giskegjerde Høybakk
Seksjonsleiar, Ortopedisk og revmatologisk sengepost
Esben Marcussen Magnell
Seksjonsleiar, Sengepost barn og ungdom Ålesund
Gro Westnes Lindin
Ass. Seksjonsleiar, Fysikalsk medisin og rehablitering
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796950
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ae01dfc97f9c481b817ee98c0172c7b8