Hopp til innhold

Vikariat kreftsjukepleiar 

Arbeidsgiver

Kreftpoliklinikken, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Oppstart
15. februar 2027
Stillingstittel
Kreftsjukepleiar kreftpoliklinikken
Type ansettelse
Vikariat, deltid 90%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. desember

Kreftsjukepleiar – 90 % vikariat ved Kreftpoliklinikken

Kreftpoliklinikken ved Førde sentralsjukehus har ledig eit 90 % vikariat for kreftsjukepleiar frå medio februar 2027 til februar 2028, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer ein kreftsjukepleiar med erfaring innan medikamentell kreftbehandling i samband med at ein av våre tilsette skal ut i svangerskapspermisjon.

Kreftavdelinga (Avdeling for kreft, blodsjukdomar og lindrande behandling) består av sengepost, poliklinikk og palliativt team.

Ved kreftpoliklinikken gir vi medikamentell kreftbehandling, som til dømes cellegift, immunterapi og ulike infusjonsbehandlingar. 


Arbeidsoppgåver

  • Rolla som A-vakt (ansvarsvakt) er eit bindeledd mellom apotek, sekretær og legar. Målet er å prioritere og organisere sjukepleieressursane i det daglege pasientretta arbeidet i kreftpoliklinikken.  
  • Administrering og oppfølging av medikamentell kreftbehandling
  • Pleie og behandling til pasientar med kreft og blodsjukdomar og til pasientar som treng lindrande behandling
  • Tilbodet i avdelinga skal også inkludere nære pårørande/familie
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta vert vektlagt

Kvalifikasjonar

  • Autoritasjon som sjukepleiar samt videreutdanning i kreftsjukepleie
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Vi vil gjerne ha ein medarbeider som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men som også kan jobbe sjølvstendig
  • Interessert i fagleg utvikling og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.

Kompetanse, inkludert personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Du vil møte ei fagleg utfordrande avdeling
  • Kreftavdelinga har mål om høg fagleg kvalitet, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø og kjekke kollega
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Monika Staberg Sunde, Seksjonsleiar, (+47) 959 49 287

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5216130015
Stillingsprosent: 90%
Vikariat
Startdato: 15.02.2027
Sluttdato: 27.02.2028
Søknadsfrist: 13.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Monika Staberg Sunde

Seksjonsleiar

(+47) 959 49 287

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6e687188-592e-4978-ba54-3ef29cd9575c

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ab14f887ebc242f58c1a29d924705a3d

Lignende annonser

Laster lignende annonser