Lærarar i grunnskulen
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarar i grunnskulen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
11
Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss.
Det er ledige stillingar på Lidar skule, Rogne skule og Øystre Slidre ungdomsskule:
Lidar skule har 350 % fast stilling og 100% vikariat for skuleåret 25-26.
Lidar skule har ledig 47% fast stilling som inspektør. Denne stillinga kan kombinerast med lærarstilling.
Lidar barneskule har 98 elevar skuleåret 24/25. Det er 7 klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss i to team, 1.-4. trinn og 5.-7. trinn. Vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Vi kan og friste med eit godt arbeidsmiljø, ein godt etablert delingskultur og eit kollegium som set elevane i sentrum.
Rogne skule har ledig 40% fast stilling og 60% vikariat for skuleåret 25-26. Skulen vil ha 105 elevar på 1.-7. trinn komande skuleår og har over tid arbeidd med satsing på trygt og godt skulemiljø. Vi har god pedagogdekning på alle trinn, noko som gir godt rom både for tolærarsystem i basisfag og til å kunne prioritere tidleg innsats. På 5.-7. trinn har vi ein skuledag i veka med tverrfagleg arbeid der elevane jobbar med praktiske, kreative og estitiske arbeidsmåtar, i små grupper som er inndelt på tvers av klassetrinn. Vi samarbeider tett på trinn og i team i eit stabilt kollegium som tør å tenkje ulikt og som utfyller kvarandre godt.
Øystre Slidre ungdomsskule har ledig 2 faste stillingar i 100%. Der er og 240% vikariat for skuleåret 2025-2026.
Vi har 113 elevar skuleåret 24/25. Vi jobbar i hovudsak i team, men og i ein to-lærar funksjon. I to-lærarfunksjonen samarbeidar faglærarane på tvers av trinna. Mykje av samarbeidet i basisfaga foregår i fagseksjonar som vi set av tid til gjennom skuleåret. På ØSUS er vi opptekne av å skape gode relasjonar med både elevane og foreldra. Hjå oss vil du møte engasjerte og motiverte vaksne som og set pris på godt kollegialt samarbeid og fellesskap. Vi ønskjer å legge tilrette for at skulekvardagen blir så god som mogleg for ungdomane våre, med tydelege rammer og forventningar, både fagleg og sosialt.
På alle skulane kan det bli andre ledige stillingar.
Vi bed om at du spesifiserer i søknaden kva for skule(r) du ynskjer å arbeide på.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Undervisning
- Kontaktlærarfunksjon
- Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
- Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen
Kvalifikasjonar
Lærarar med trygg og god klasseleiing som legg til rette for fagleg fokus
- Godkjent utdanning for arbeid i grunnskulen, jmf. Forskrift til opplæringslova, §12-1 - §12-6
- God kompetanse innan klasseleiing og relasjonar
- Gode faglege og didaktiske ferdigheiter
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Lærarstudentar kan bli vurdert for tilsetting på vilkår om at utdanninga blir fullført.
Lidar skule søker lærarar med formell kompetanse i spesialpedagogikk, engelsk, kroppsøving og begynneropplæring.
Rogne skule søker lærarar med formell kompetanse i matematikk, spesialpedagogikk og engelsk.
Øystre Slidre ungdomsskule søker lærarar med formell kompetanse i spesialpedagogikk, engelsk og krle.
Personlege eigenskapar
For elevane i Øystre Slidre er det viktig at du:
- er ein trygg klasseleiar
- er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
- kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
- har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
- ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
- har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen
Vi tilbyr
Når du kjem til oss i Øystre Slidre, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulane har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. På skulene hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Ledelsen på vår skule er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing.
Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar.
Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.
Lærarar har telefongodtgjering.
Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.
Vi oppfordrer også lærarstudentar til å søkje. Er studiet lagt opp slik at du kan kombinere det med jobb, vil du skaffe deg nyttig erfaring. Dersom du kan jobbe 50% eller meir, får du ekstra tilrettelegging frå kommunen.
Kontaktinformasjon
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, 99690813Are Alund, Rektor Rogne skule, 99734175
Siv Aina Theodorsen, Rektor ØSUS, +47 41761631
Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4918048350
Stillingsprosent: 100, 40%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 05.03.2025
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2862560
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1c5523447c954355ba8d06b45aac78bc