Fysioterapeut
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
1. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Voss Sjukehus har ledig 80- 100% vikariat som fysioterapeut frå 1. november 2025 til 1. juni 2026, og med mogelegheit til forlenging
Vi ser etter deg som er klar for ein spennande og aktiv kvardag i spesialisthelsetenesta, som trivast med varierte og utfordrande oppgåver.
Om avdelinga
Som fysioterapeut ved Voss Sjukehus er du organisert i Kirurgisk avdeling men yter fysioterapitenester til tilviste pasientar innanfor alle fagområda på dei ulike avdelingane ved sjukehuset; Kirurgisk avdeling, Medisinsk avdeling, Intensiv avdeling og Føde- og gynekologisk avdeling. Fysioterapeutane utfører behandling til pasientar som er inneliggande og i poliklinikk og samhandlar med andre yrkesgrupper som er involvert i pasienten. Som fysioterapeut arbeider ein dagtid og kring kvar 5. laurdag.
I Kirurgisk avdeling har ein samla all aktivitet innan fagområdet for kirurgi og ortopedi for døgn-, dag- og poliklinikkpasientar. Kirurgisk avdeling vil handtere elektiv drift og øyeblikkeleg hjelp, i poliklinikk og på sengepost. Ved avdelinga er det tilsett fysioterapeutar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, ergoterapeut, klinisk ernæringsfysiologar, sosionom og merkantilt personale.
Om Sjukehuset
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med traumefunksjon. Vi har akuttfunksjon innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ønsker å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger. Sjukehuset er del av Helse Bergen, og har tett fagleg samarbeid med avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus. Det er om lag 400 tilsette ved Voss sjukehus.
Om Voss
Voss er ein god stad å bu. Det er eit godt oppvekstmiljø med godt utbygd barnehage og skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Voss er også ein attraktiv stad som tiltrekkjer seg folk frå heile verda med sine korte avstandar til kulturarrangement, naturopplevingar og meir ekstreme aktivitetar for store og små gjennom alle årstider. Nord-Europas mest moderne gondolbane går rett opp frå sentrum og startar berre eit steinkast frå sjukehuset .
Arbeidsoppgåver
- Undersøke, behandle og rettleie pasientar på sengepost og i poliklinikk, innanfor fagområda ortopedi, generell kirurgi, indremedisin og kvinnehelse
- Undervisning og rettleiing av grupper
- Ta del i tverrfagleg samarbeid
- Ta del i fagleg utviklingsarbeid
- Rettleing av turnusfysioterapeut
Kvalifikasjonar
Krav om:- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Meistre norsk munnleg og skriftleg godt
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta innanfor fagområda ortopedi, generell kirurgi, generell indremedisin og kvinnehelse.
- Erfaring med IT-system nytta i spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og meistrar eit høgt tempo
- Du er løysingsorientert og fleksibel
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og medarbeidarane dine
- Du bidreg til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Eit ope og godt arbeidsfellesskap med kvailitet og fag i fokus i eit tverrfagleg miljø
- Ein spennande og utfordrandes jobb i sjukehus med akuttfunksjon
- Lønn etter gjeldande tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kjersti Gulbrandsen Skattum, Assisterande seksjonsleiar, 97050481, kjersti.gulbrandsen.skattum@helse-bergen.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5028329280
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Kjersti Gulbrandsen Skattum
Assisterande seksjonsleiar
97050481
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6de303a7-7839-4bfc-9c50-f6c04234b8a7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e2a16bcb3ee84486af32d4d531fcd24e