Miljøterapeut 100 % vikariat
Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland, Bufetat
Haugane 15, 5212 Søfteland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. september
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg, for at dei skal få eit godt liv som vaksen. Ein god barndom varar livet ut
I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserar den aller siste forskinga. Hos oss møtar du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låser deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Skjoldvegen barnevernsenter, Avdeling Søfteland er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1
Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen, med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheitar for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.
Stillinga inneber to-delt turnus med dag og kveldsvaktar og arbeid kvar 4. helg med vaktar inntil 13 timar. Det kan også være moglegheitar for andre vikariat av ulik stillingsstorleik og lengder ved eininga.
Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med Omsorg- og endringsmodellen, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeidar både sjølvstendig og i team, og deltar i fagmøter og i rettleiing som vert gitt i høve modellen.
Arbeidsoppgåver
Miljøterapi i en omsorgsinstitusjon.Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei har samansette og omfattande utfordringar i liva sine. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar.
Skjoldvegen barnevernsenter arbeidar etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg, dialektisk atferdsterapi mv.
Målet vårt er å bidra til at ungdomane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv. For å lykkast er det viktig at vi:
- utfører godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp.
- sikrar tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid.
- bidreg til å vareta rettstryggleiken til ungdomen ved hjelp av god dokumentasjon.
- reflekterar over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartar.
- arbeider med krise- og stresshandtering og har kunnskap om å stabilisera barn i krise.
- arbeidar førebyggjande og handterar åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skada seg sjølv eller andre.
- identifiserar teikn på, og handterar konsekvensar av omsorgssvikt og vald.
- kartlegg styrkane og behova til ungdomen og utarbeidar og følgjer opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
- I jobben treng du også gode verktøy. Hos oss vil du få jobba med nokre av dei fremste kunnskapsbaserte metodane og standardiserte forløpa for miljøterapi. Les meir om arbeidet vårt HER: https://www.youtube.com/watch?v=Qkz_lJT7O84
Kvalifikasjonar
Fullført bachelorgrad i sosialfagleg utdanning (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar).
Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.
Krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
God fysisk og psykisk helse.
Krav om førarkort for personbil kl. B.
Ønskeleg:
Det vil vere ein stor fordel om du har erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
Det er ønskeleg at du har relevant vidareutdanning innan til dømes barnevern eller psykisk helse.
Det er ønskeleg med kunnskap om traumebevisst omsorg og OEM.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
Du evner å;
- bygge relasjonar.
- la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.
- arbeide sjølvstendig, metodisk og i team.
- analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du er punktleg.
- Du har god fysisk og psykisk helse.
- Personlege eigenskapar vert særlig vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 480 000 - 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 532 200 - kr 645 000. pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 548 500 - kr 645 000 pr. år.
- Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, pt. kr 400 000 - 500 000, 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 432 800 - 530 000 eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 450 000 - kr 550 000 pr. året.
- Lønn i høve til utdanning og arbeidserfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søker
- Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.
- Stillingen er for tiden lagt til Skjoldveien Barnevernsenter, Avdeling Søfteland
- Politiattest må fremlegges ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikke legges med søknaden.
- Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlisten. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.
- Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.
Kontaktinformasjon
Bonita Esther Hanson, Avdelingsleiar, 46616484Arbeidssted
Haugane 155212 Syfteland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5006383939
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 26.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Bonita Esther Hanson
Avdelingsleiar
46616484
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6dcfdcd0-eaa9-4c72-927d-6ecf1b30526c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1d364471cca2456ca87d0e017cbdabbf