Overlege - To faste stillingar ledige ved Augeavdelinga
Augeavdelinga, Helse Bergen HF
Jonas Lies vei 72C, 5053 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
To faste overlegestillingar ved Augeavdelinga
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd, og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.
Det er ledig faste overlegestillingar ved avdelinga. Stillingane er knytta til to av våre spesialseksjonar, og det er ein føresetnad om god kompetanse innan dei aktuelle fagfelta for å kunne søke stillingane.
Oppgi i søknaden kva for ein stilling du søker på.
Arbeidsoppgåver
- Stillingane er knytta til handtering av vitreoretinale sjukdommar og katarakt; poliklinisk og kirurgisk handtering
- Den som blir tilsett kan gå inn bakvaktsjiktet som for tida er 14-delt
- Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggande og polikliniske pasientar
- Vedkommande må ta del i undervisning av legestudentar og anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Føretsetnad for å bli vurdert med omsyn til stillingane, er kompetanse innan poliklinisk og kirurgisk handtering av pasientar tilhøyrande desse seksjonane
- Andre oppgåver kan og bli aktuelle utover det som er omtalt over
- Norsk autorisasjon
- Godkjent spesialist innan augesjukdommer
Personlege eigenskapar
- Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt med omsyn til føretakets verdier og prioriteringar
- Vere ein god teamarbeidar
- Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
- Erfaring og interesse for forsking
Vi tilbyr
- Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging
- Særs godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode kollegaer!
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Tore Jenssen, Avdelingsoverlege, 55974124Arbeidsstad
Jonas Lies vei 72C5053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5028981055
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Frank Tore Jenssen
Avdelingsoverlege
55974124
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6d8f1add-bd8a-4697-bf9d-4db2c431f4be
- Hentet fra
talentech
- Referanse
acca536f501c4a22bf4bce490fbbf3c5