Anestesisjukepleiar
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi/ Nasjonalt brannskadesenter, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Anestestisjukepleiar, Nasjonalt Brannskadesenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Brannskadeavdelinga ved Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus, har ledig faste stillingar og vikariat i 1 år med mogleg forlenging. Turnus med arbeid pt. kvar 3. helg eller med 12,5t. vakter kvar 2, 3 eller kvar 4. helg. 30-40% av stillinga er anestesiarbeid.
Stillingane er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.
Avdelinga har ansvaret for den nasjonale behandlingstenesta for avansert brannskadebehandling og behandlar kvart år 150-200 pasientar frå heile landet med alvorlege brannskadar. Vi behandlar både barn og vaksne. Arbeidet er tverrfagleg og vi har eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Arbeidsoppgåver
- Anestesioppgåvene blir planlagd i tett samarbeid med anestesilege, men som anesteisjukepleiar jobbar du sjølvstendig. Dei fleste anestesiar blir gjennomført i spontanventilasjon, utan intubasjon
- Vi har anestesi til både barn og vaksne, 40% av pasientane er barn
- Vi har for tida fire anestesisjukepleiarar
- Sjukepleie til akutt kritisk sjuke intensiv- og overvakingspasientar
- Arbeid knytt til intensivbehandling, sår og sårbehandling, ernæring, mobilisering og planlegging av rehabilitering etter brannskadar
Fra behov
Stillingen deles med fleire anestesi sjukepleiarar der en har kvar sin dag/helg med anestesi.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar og vidareutdanning i anestesisjukepleie
- Erfaring med anestesiarbeid frå operasjonsavdeling er ønskeleg
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
- Viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Vi søker ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar
Vi tilbyr
- Ein unik moglegheit til å oppnå kompetanse i behandling av pasientar med brannskadar
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
- Kurs for nye tilsette
- Internasjonale kurs og konferansar
- Gode pensjons og forsikringsordningar
- Ulempetillegg
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vi er ei inkluderande arbeislivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Liv Hege Furnes Hilt, Avdelingssjukepleiar, 55973560Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4969612465
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Liv Hege Furnes Hilt
Avdelingssjukepleiar
55973560
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6cf311d7-bbfc-42ef-a053-4cf6f5623401
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b111c872df604b3585f7bf1e1b420279