Hopp til innhold

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk poliklinikk, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. mars 2027
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 8. desember

Seksjonsleiaren for kirurgisk poliklinikk skal ut i svangerskapspermisjon. Vi søkjer  derfor etter ein engasjert og fagleg sterk seksjonsleiar til Kirurgisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Seksjonen er ein del av Kirurgisk avdeling og tek imot planlagde pasientar til spesialisert utredning, behandling og kontrollar av ulike tilstandar, sjukdommar og skader innanfor fagfelta gastrokirurgi, generell kirurgi, karkirurgi, ortopedi og urologi. Vi tek også imot akutte skadar ved vår skadepoliklinikk, som er tilvist frå fastlege eller legevakt. Preoperativ poliklinikk, der ein klargjer pasientar for operasjon, er også ein del av seksjonen. 

I seksjonen møter du eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og stort fokus på pasienttryggleik og kvalitet. Seksjonen består i dag av 13 tilsette fordelt på sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, uroterapeutar og stomisjukepleiarar. 

Som seksjonsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i kirurgisk avdeling og rapporterar til avdelingssjef. Leiargruppa består av 10 seksjonsleiarar. Vi forventar at seksjonsleiar vil bidra til god samhandling for best mogleg kvalitet og ressursutnytting i avdelinga. Det er ei løysningsorientert og handlekraftig leiargruppe i kirurgisk avdeling, og det forventast at seksjonsleiarane ser moglegheiter og tenker forbetring i kvardagen til det beste for pasientane våre. 


Arbeidsoppgåver

Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for:

  • Dagleg drift og fagleg utvikling av seksjonen i nært samarbeid med seksjonsoverlegar
  • Personalansvar for tilsette i seksjonen
  • Ansvar for at poliklinikken vert driven etter gjeldande lovar og forskrifter, etter interne retningslinjer og innanfor økonomisk rammer.
  • Samhandling med andre fagmiljø og avdelingar
  • Bidra til god pasientflyt og effektiv ressursbruk
  • Implementering av kvalitetsforbetring og digitale løysingar
  • Kombinert arbeidstid: ca 50% administrativt arbeid og 50% klinisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Minimum 2 års erfaring som sjukepleiar
  • Vi trur du lukkast best om du har erfaring frå arbeid med kirurgiske pasientar
  • Ynskjeleg med leiarutdanning og –erfaring. 
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er tydeleg og synleg for dei tilsette og avdelinga
  • Du er fleksibel og nytenkande og løysingsorientert
  • Du har evne til å arbeide strukturert og målretta både individuelt og i team.
  • Du trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du har evne til å kunne arbeide tverrfagleg
  • Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Maren Pedersen, Avdelingssjef, Maren.Pedersen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5213570109
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 08.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Maren Pedersen

Avdelingssjef

Maren.Pedersen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6cc5d417-6b6d-4097-b5ba-9f8eccf685be

Sist endret

24. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b79a78dca97046a4957a0d701280058d

Lignende annonser

Laster lignende annonser