Politibetjent 3/2/1 operatør i Politiets nettpatrulje Vest
Vest politidistrikt
Allehelgensgate 6, 5016 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Operatør i politiets nettpatrulje Vest
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Er du engasjert, kreativ og har lyst til å jobbe førebyggjande på nett? Då kan du vere vår nye operatør i Politiets nettpatrulje Vest.
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, Seksjon for førebygging er det ledig fast stilling som operatør ved Politiets nettpatrulje Vest. Det kan i tillegg bli ledig ei mellombels stilling.
Politiets nettpatrulje Vest består av 6 polititilsette; ein fagleiar, ein kombinert etterretning/operatør, og 4 operatørar. I gruppa er nokon forholdsvis nyutdanna, mens andre har jobba i politiet i lengre tid.
Seksjon for førebygging er stasjonert i Bergen sentrum og består av fleire førebyggjande funksjonar, som førebyggjande koordinator, radikaliseringskontakt, koordinator for trusselutsette, politiets Nettpatrulje, næringslivskontakt m.fl.
Nettpatruljen vart etablert i oktober 2019 og har hatt ei spanande utvikling etter dette. Vi har no nærare 890 000 følgjarar til saman på Facebook, Instagram og TikTok. I 2021 vann vi "Social Media Awards" for årets virksomhet/merkevare og har fått mykje merksemd i media. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter til å vera kreativ.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Kriminalitetsførebygging og haldningsskapande arbeid på nett
- Bygge tillit og ha dialog med innbyggjarane på nett og sosiale medier
- Patruljering på nett
- Dagleg oppfølging av politiprofilane våre på mellom anna Facebook, Instagram og TikTok
- Innhaldsproduksjon til sosiale medier, herunder videoredigering
- Gi råd og rettleiing, motta og behandle tips, samt svare på ulike spørsmål frå innbyggjarane via chat
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Halde foredrag og undervisning internt og eksternt - både fysisk og digitalt
- Andre arbeidsoppgåver innan fagfeltet
- Noko turnusbasert arbeid og operativ patruljeeteneste må påreknast
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen.
- IP4 godkjend, eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
- Svært god framstillingsevne munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Uttømmande og utvida politiattest må innhentast ved evt. ansettelse jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Det er også ønskjeleg med:
- Kunnskap om bruk av digitale verktøy, og erfaring frå bruk av sosiale medier er ein fordel
- Erfaring frå kriminalitetsførebyggjande arbeid og/eller forståing for heilskapen i kriminalitetsførebyggjing er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er positiv med godt humør og ein god rollemodell som skaper tillit og bygger gode relasjonar
- Du har høg motivasjon for stillinga og oppgåvene som skal utførast
- Du er kreativ, initiativrik, fleksibel og god på kommunikasjon
- Du trivst med teamarbeid, jobbar godt med andre internt og eksternt, men evner òg å jobbe sjølvstendig
- Gode sosiale evner som fremmer trivsel og eit godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi.
- Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457:
- Politibetjent 3 - brutto årslønn på frå kr. 640 000,-
- Politibetjent 2 - brutto årslønn på frå kr. 530 000,-
- Politibetjent 1 - brutto årslønn på frå kr. 510 000,-
- Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og Pb3.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Maren Gjesdal
Fagleiar Nettpatruljen Vest
+4796208923
Rune Fimreite
Seksjonsleiar
+4747 97 58 15
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6c30e196-a3bb-4974-8b37-9c3c9161f182
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266069