Avdelingsleiar studiespesialiserande
ARD - ÅRDAL VGS, Vestland fylkeskommune
6884 Øvre Årdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar studiespesialiserande
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 150 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Ved skulen er føljande stilling ledig frå 01.08.2025:
100% fast stilling fordelt på 50% avdelingsleiar for studiespesialiserande og 50% undervisning
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar for studiespesialiserande er medlem i leiargruppa med rektor og avdelingsleiar for yrkesfag. Stillinga er samansett av 50% leiing og resterande er undervisning eller andre oppgåver. Vi har fire studiespesialiserande klassar og du vil ha personalansvar for om lag 15 tilsette.
Som avdelingsleiar skal du blant anna:
- Samarbeide med leiargruppa og bidra til utvikling og implementering av skulen sin strategi og mål
- Leie og koordinere det pedagogiske arbeidet på studiespesialiserande programområde
- Organisere og leie avdelingsmøte
- Ha budsjettansvar på eiga avdeling
- Gjennomføre fagval i samarbeid med rådgjevar
- Ha ansvar for å gjennomføre elev- og undervisningsevaluering
- Delta i rekruttering og tilsetjing av nye lærarar
- Følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring
- Relevant høgare utdanning og pedagogisk kompetanse
- Undervisningskompetanse i fag skulen tilbyr
- Strukturert og målretta arbeidsmetodikk
- Gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- er engasjert og posititv - med ønske om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø.
- har eit positivt elevsyn.
- er utviklingsorientert, ser løysingar og har gjennomføringskraft
- er tilpassingsdyktig.
Vi tilbyr
- Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun, rektor , 90694334Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4928417628
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.03.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6bbb889f-4d04-4848-a2fd-fb8659790872
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d1c68479de10436f8393c19aa3215711