Helgestillingar - Balestrand helsetun og heimetenesta
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Riverdalen 5, 6899 Balestrand
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 13%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Me treng fleire dyktige medarbeidarar til helgestillingar på Balestrand helsetun og heimeteneste i Sogndal kommune. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå dags dato.   
5 x 13% faste stillingar på helg.
Stillingane er på helg, med arbeid kvar 3. veke. Om ein ynskjer det kan ein få lange vakter med 4. kvar helg, som vil tilsvare 19% stilling.
Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning som blir drifta av Helsetunet og heimetenesta. Sjukepleiarane hjå oss utfører legevaktsoppgåver og er ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Oppfølging av ernæring
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
- Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Assistentar, elevar innan helsefag, studentar på sjukepleie/vernepleie/sosionom/barnevern
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar eller sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Datakunnskap
- Må vere over 18 år
- For stilling i heimetenesta: førarkort
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskaper vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Støtteordning til sjukepleie og vernepleierstudenter
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons-, forsikringsordningar og velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 6b7be324-9591-48db-a543-3f261fe372c6 
- Sist endret
- 31. oktober 2025 
- Hentet fra
- visma-easycruit 
- Referanse
- 3559681_194697_nn 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Sted
Balestrand
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste
Sted
Balestrand